Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket

Midlane til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av tradisjonelt og økologisk landbruk og utvikling av andre landbruksbaserte næringar som lokal mat og drikke, reiselivstilbod, verdiskaping basert på utmarksressursane og Inn på tunet.

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til regionale tilretteleggingstiltak innan landbruk og landbruksbaserte næringar. 

Søknaden skal sendast inn gjennom www.regionalforvaltning.no. Sjå brukarstøtte til regionalforvaltning her.

Vestland fylkeskommune har fått 6,74 mill. kr til denne ordninga i 2020.

Prioriteringar i 2020

  • Positivt omdømme og synleggjering av moglegheiter i næringa
    Synleggjering av fagutdanning og moglegheiter, dyrevelferd, klima- og miljøinnsats og landbruksteknologi/FoU, bidrag til rådgjeving/møteplassar, urbant landbruk, landbruksretta entreprenørskap 
  • Marknadstilpassa auke i volum og omsetningsverdi av frukt, bær og grønt og legge grunnlag for fleire vekstbedrifter
    Mobilisering og kompetanse for å auke planting, avling, omsetnad, økologisk, framtidsretta arealtilpassing med nye produksjonssystem, særskilte kvalitetar/sortar/sesong, lokale/regionale verdikjedar og styrking av miljø innan grønsaker og potet 
  • Auka grovfôrproduksjon tilpassa eit endra klima
    Avlingsauke, fôr- og jordkvalitet, beitebruk, teknologiutvikling, rådgjeving og energiproduksjon 
  • Eit moderne driftsapparat med lausdrift i mjølkeproduksjon 
    Mobilisering til fornying av driftsapparatet, også på mindre bruk, ny teknologi og god dyrevelferd/dyrehelse 
  • Marknadstilpassa utvikling av kjøtproduksjonen med moderne produksjonsapparat og driftsopplegg
    Mobilisering til marknadstilpassa produksjonsauke på storfekjøt, utvikling i sauehaldet, god dyrevelferd/dyrehelse og auka produksjon og omsetnad av økologisk kjøt 
  • Styrke verdikjeda for lokalt trevirke
    Leggje til rette for innovasjon og konkurransekraft i heile verdikjeda for lokalt trevirke 
  • Auka tilbod og lønsemd innan IPT
    Prioriterer tilbod innan områda demens, skule, og psykiatri/rus, kompetansebygging hjå kjøpargrupper, nettverks- og kompetansearbeid mellom anna innan entreprenørskap, bedriftsleiing og marknad 
  • Auka lønsemd og mangfald i lokal mat, drikke og landbruksbasert reiseliv
    Mobilisering til rekruttering, etablering og samarbeid i ulike produksjonar, utvikling av distribusjonssystem, fremjing av lokal mat og drikke i serveringsverksemder, samarbeid med festivalar og salskanalar, økologisk mat, mat som identitetsbyggar/lokal matkultur, utnytting av utmarksressursane som til dømes vilt, oppfølging av nasjonale og internasjonale arrangement, utvikling av landbruksbasert reiseliv og auka kompetanse i entreprenørskap, bedriftsleiing og marknad

Grunnlag for prioriteringar

Grunnlaget for prioritering av midlane er utarbeida i samarbeid med Innovasjon Norge, Fylkesmannen og næringa sine organisasjonar i Handlingsplan for landbruk i Vestland 2020. Dei regionale tilretteleggingsmidlane skal forvaltast i tråd med dei måla og strategiane som er sette i dette handlingsprogrammet, og i tråd med nasjonal forskrift på området. Tildelinga vil også skje etter innspel frå  Innovasjon Norge, Fylkesmannen og næringa sine organisasjonar.  

  • Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Enhetsregisteret.
  • Føretak som er registrerte i Enhetsregisteret, om tiltaket har som føremål å fremje fellesgoder knytt til næringsutvikling
  • Prosjektet skal vere i tråd med fylkeskommunen sine mål og strategiar for landbruket i Vestland.
  • Midlane skal gå til mjuk infrastruktur som til dømes utviklingsarbeid, kompetanseheving og tilrettelegging for næringsutvikling.
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering og metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Prosjektsøknaden må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort.  
  • Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at utviklingsprosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.   
  • Prosjekt med regional effekt eller overføringsverdi i form av tema eller metodeutvikling blir prioritert.
  • Driftskostnader i næringsverksemd eller organisasjonar kan normalt ikkje støttast om det ikkje er ein del av eit definert utviklingsprosjekt. Vedlikehald av aktivitet vert heller ikkje støtta. Vedlikehald er aktivitetar som er naudsynte for å vidareføre eit produkt eller ei teneste på same nivå som i dag. I nokon høve kan fylkeskommunen løyve midlar til godt grunngjevne tiltak med form av drift.  
  • Drift av næringsverksemd eller organisasjonar
  • Kausjon eller anna økonomisk garanti
  • Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
  • Maksimal støttedel frå fylkeskommunen er normalt inntil 50 prosent av godkjent kostnadsoverslag til prosjektet, eksklusive mva. I særskilde tilfelle  kan prosjekt støttast med ein høgare sats, men aldri over 75 prosetnt av godkjent kostnadsoverslag for tiltaket.
  • Godkjent timesats for eige arbeid er normalt maksimalt kr 700. Timesats kan i unntaksvis reknast ut frå 1,2 promille av årslønn eller ved skjønn. Tal timar skal spesifiserast både i søknad og ved levering av rapport/rekneskap.  
  • Prosjekt kan normalt ikkje kan få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre. 
  • Det kan ikkje sendast søknad om støtte til same prosjekt frå både regionale tilretteleggingstiltak og rekruttering og kompetanseheving.
  • Ein omtale av tiltaket det blir søkt om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordningar
  • Plan for gjennomføring, medrekna aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar
  • Forventa resultat
  • Budsjett for prosjektet/tiltaket, inkludert finansieringsplan.
  • Søknadssum
  • Andre relevante opplysningar søkjar meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjeringa