Landbruk

Landbruk er viktig for mattryggleiken i framtida, og handlar om forvaltning av felles naturressursar. Gode vilkår for landbruket er også viktig for å oppretthalde busetnad og lokal verdiskaping i store delar av Vestland.

Fylkeskommunen har fått nye oppgåver innan landbruksområdet frå 2020, og vil vere ein aktiv næringsutviklingar innan landbruksområdet. Dette gjer vi gjennom eit tett samarbeid med faglag, Innovasjon Norge, fylkesmannen og kommunane 

Vi har eit overordna ansvar for å inkludere landbruk i vårt regionale næringsutviklingsarbeid og vil gjere vårt for å legge til rette for utvikling av landbruket i fylket. Vi forvaltar tilskotsmidlar til rekruttering og kompetanseheving, og tilretteleggingstiltak innan landbruket. Fylkeskommunen har også oppdragsansvaret for kompetansenettverka for lokalmat. Fylkeskommunen jobbar med å påverke rammevilkåra for jordbruket i fylket, og i samband med det gir vi innspel til dei årlege jordbruksforhandlingane. Vi gjev også føringar for bruken av investerings- og bedriftsutviklingsmidlane i landbruket som er forvalta av Innovasjon Norge.  

 

 

Foto: CH/innovasjon Noreg - Hardanger Saft- og Siderfabrikk, Ulvik