Midlar til bedriftsintern opplæring (BIO-midlar) 2020

Tiltaket skal gå til bedrifter med låg aktivitet som følgje av Covid-19 viruset og oljeprisfallet. Midlane skal nyttast til ekstraordinære opplæringstiltak i samband med planar for framtidig vekst eller tilpassing til nye marknadssituasjonar.

Det blir totalt delt ut 12,8 millionar i denne utlysinga, fordelt på to søknadsrunder.
  • Første søknadsfrist: 20. juni (6 millionar)
  • Andre søknadsfrist: 20. august (6,8 millionar) 

Døme på opplæringstiltak:

  • Opplæring som gjer det mogleg for dei tilsette å ta nye oppgåver i ei periode der oppgåvene ein elles løyser er mindre etterspurde. 
  • Opplæring som gjer det mogleg å arbeide med ny teknologi (ny produksjonsline og liknande). 
  • Opplæring som er naudsynt for å få tilgang til nye marknader. 
  • Opplæring som er naudsynt for å kunne starte utvikling av nye produkt eller tenester. 

Kven kan søkje og delta i opplæringa?

  • Private bedrifter kan søkje om tilskot. Vi ser det som ein styrke om fleire bedrifter går saman om søknader og undervisningsopplegg, men ei bedrift må stå som ansvarleg søkjar. Tilbydarar av kursing/undervisning kan ikkje søke på vegne av verksemder viss dei tek betaling for oppdraget.  
  • Ikkje-kommersielle aktørar/medlemsorganisasjonar kan stå som søkjar på vegne av fleire bedrifter. I søknaden må det fremgå kva for bedrifter som skal delta. 
  • Søkjar treng ikkje å vere lokalisert i Vestland, men må kunne dokumentere at tilskotet går til opplæring av tilsette som har arbeidsstad i Vestland. 
  • Heilt og delvis permitterte kan også delta i opplæringa.   

Hovudkrav til søknad:

  • At bedriften er råka av krisa.  
  • At opplæringstiltaka skal vera knytt til planar for framtidig vekst eller tilpassing til nye marknadssituasjonar.   
  • At grunngjeving for behovet for kompetanseheving i bedriften er godt formulert.  
  • At gjennomføring av opplæringstiltaket har ein tidsplan på under 26 veker. 
  • At kostnaden per deltakar i opplæringa ikkje er over 30 000 kr. Unnatak må grunngjevast særskild. 

Fylkeskommunen vil også vurdere:

  • Geografisk fordeling av midlane. 
  • Bransjemessig fordeling av midlane. Hardast råka bransjer kjem til å bli prioritert. 
  • Effekt av tiltaket på sysselsetting og/eller omstilling av samfunnet (t.d. grøn vekst). 

Tilskotet kan dekke fylgjande kostnader:

  • Kurshaldar/kursavgift 
  • Lønskostnader (1,2 promille av årsløn og maksimalt 700 kr per time) 
  • Kursmateriell 
  • Reisekostnader dersom det ikkje er lokale tilbod 

Opplæringa kan vere del av ein større utviklingsprosess, men det er berre konkrete opplæringsaktivitetar som vert støtta med BIO-midlar. Interne kartleggingsprosessar, gruppearbeid, konsulentbistand og liknande skal ikkje vere med i kostnadsgrunnlaget.      

Støttesatsar og utbetaling:

Maksimal støtte vil som hovudregel vere: 

  • Bedrifter med 1-20 tilsette: Inntil 100 000 kroner
  • Bedrifter med 21-50 tilsette: Inntil 200 000 kroner 
  • Bedrifter med 51–100 tilsette: Inntil 300 000 kroner 
  • Bedrifter med over 100 tilsette: Inntil 800 000 kroner 

Unnatak må grunngjevast særskild. 

Ved samarbeid mellom fleire bedrifter kan tilskotet overstige dette beløpet. Det er krav om eigendel på 10% av totalkostnadene for små og mellomstore bedrifter (SMB), og 30% for store bedrifter. Ved samarbeid mellom store bedrifter og SMB-bedrifter er eigenandelen 10% for alle. Inntil 75% av tilskotet kan utbetalast straks ved tilsegn om støtte. Sluttutbetaling av resterande 25% kan skje etter innsendt sluttrapport og godkjent rekneskap. 

Støtta blir gitt som bagatellmessig støtte i medhald av kommisjonsforordning (EU) nr. 1407/2013 av 18. desember 2013, publisert i EU-tidende 24. desember 2013, s. 1-8, jf. Forskrift av 14. november 2008 nr. 1213 om unntak frå notifikasjonsplikt for enkelte former for offentleg tilskot. For å ta imot bagatellmessig støtte krevjast det at støttemottakar ikkje har motteke meir enn 200 000 euro over ein periode på tre rekneskapsår (100 000 euro innanfor transportsektoren), jf. Forordningas artikkel 3, anna punkt. 

Definisjon av sentale ord i utlysingstekst og søknadsskjema:

  • Ekstraordinær opplæring = Opplæring i samband med innføring av noko nytt i verksemda, eller ein “eingongsinverstering” i overføring av kompetanse mellom tilsette. Grunnleggande opplæring eller opplæring i verktøy som ikkje er spesifikke for bedrifta eller bransjen (som til dømes bruk av video/fildelingsverktøy) er ikkje rekna som ekstraordinær opplæring. Unntak kan gjerast dersom opplæringa er spesialtilpassa oppgåver/fagområde som er krevjande å digitalisere. Eigenstudie er kun aktuelt dersom andre formar for opplæring ikkje er mogleg.  
  • Private bedrifter: Bedrifter med mindre enn 50% offentleg eigarskap. Unntak kan gjerast for spesielt konkurranseutsette bedrifter.  
  • Små og mellomstore bedrifter = Bedrifter med under 250 tilsette og ein årleg omsetnad på under 50 mill euro eller ein balanse som ikkje overstiger 43 mill euro. 
  • Kostnadsplan = Eit budsjett der du fyller inn aktuelle utgifter til opplæringa. Til dømes; lønsutgifter og avgift til ekstern kurshaldar. Dette summerer seg til opplæringstiltakets totalkostnad, og alle kostnader i kostandsplanen skal dokumenterast i etterkant.  
  • Finansieringsplan = Ein plan der du legger inn summen du søker om, og summen du skal dekke sjølv (eigeninnsats). Finaneringsplanen skal summere seg til totalkostnaden. 
  • Eigendel = Den delen av totalbudsjettet for tiltaket som søkjar skal dekke. Eit tiltak med totalbudsjett på 220 000 kan til dømes bestå av 198 000 i søkte BIO-midlar og 22 000 i eigeninnsats. Dette gir ein eigendel på 10% av totalkostnadene  

Har du spørsmål relatert til kriterium og vurdering, ta kontakt med:

Johanne Sognefest-Haaland
E-post: johanne.sognefest-haaland@vlfk.no
Telefon: 992 61 004

Har du spørsmål relatert til elektronisk søknadsskjema og utbetaling, ta kontakt med:

Rajwinder Kaur Daphu
E-post: Rajwinder.Kaur.Daphu@vlfk.no
Telefon: 488 81 749

Søk om midlar via regionalforvaltning.no