Korleis skape grøn vekst i Vestland

Grøn vekst handlar om å auke verdiskapinga samtidig som klima- og miljøbelastninga reduserast. Vi i Vestland Fylkeskommune bidrar med rådgiving, nettverksformidling og ulike tilskot for å hjelpe deg å oppnå grøn vekst i din organisasjon.

Det grøne skiftet i Vestland 

Vestland skal gå forran på vegen mot det grøne skiftet. For å sikre livsgrunnlaget for framtidige generasjonar skal Vestland bli ein nullutsleppsregion innan 2030.  

Dette stillar nye krav til alle aktørar i Vestland fylke - både i offentleg og privat sektor. For ein stor del av næringslivet vil dette føre til endringar i korleis dei kan drive verksemdene sine.  

Sirkulærøkonomi i Vestland

Mange verksemder vil i framtida måtte endre forretningsmodell. Forsvarleg uttak og bruk av naturresursar vil spele ein avgjerande rolle for at vi skal få ein berekraftig region og eit berekraftig næringsliv. Vi må utnytte dei resursane vi har på ein smartare måte. Sirkulærøkonomi blir derfor avgjerande for at vi skal skape ein region som er i tråd med FN sine berekraftsmål 

Grøn vekst 

Samtidig som verksemdene i Vestland skal kutte sine klimagassutslepp og forvalte resursane sine på ein sirkulær og berekraftig måte, skal dei også vekse og skape verdiar. Dei skal med andre ord bidra til grøn vekst i Vestland.  

Grøn vekst handlar om å auke verdiskapinga samtidig som klima- og miljøbelastninga reduserast. Vi i fylkeskommunen vil bidra til å skape grøn vekst i Vestland.  

Verdsleiande næringar og klyngar 

I Vestland har vi nokre av verdas leiande klynge- og inkubatormiljø innan grøn vekst, og spesielt innan grøn skipsfartsteknologi. Saman med næringar som fornybarnæringa, havbruk- og fiskerinæringa, den marine næringa og prosessindustrien står Vestland godt rusta til å møte det grøne skiftet, skape grøn vekst og bl ein grøn region.  

Vi hjelper deg 

Vi bidrar med rådgiving, nettverksformidling, økonomisk støtte til prosjekter og ulike tilskot for å hjelpe aktørar i Vestland med å oppnå grøn vekst i sin organisasjon. 

Ta kontakt med oss for å diskutere korleis vi saman kan skape eit grønare Vestland!