Grøn konkurransekraft

Å byggje grøn konkurransekraft for Norge betyr å kutte klimagassutslepp, auke verdiskapinga og sikre høg sysselsetting. Vestland fylkeskommune skal vere med å ruste næringslivet til å møte det “grøne” skiftet.

Næringslivet i Vestland må bidra til å få til naudsynte reduksjonar i klimagassutsleppa, redusere energibruken, bidra til å auke bruken av fornybare energikjelder og redusere negative verknadar på miljøet. Samstundes er det eit mål om å skape verdiar og nye arbeidsplassar på veg mot lågutsleppssamfunnet i Vestland 

Det opnar seg moglegheita i alle dei prioriterte bransjane som til dømes prosjekt innan fornybar energi, bioøkomomi, sirkulærøkonomi, berekraftig reiseliv, massehandtering, byggebransjen og berekraftig samfunn. 

  • Organisasjonar 
  • Nettverk  
  • Klynger 
  • Næringshager 
  • FoU-miljø 
  • Kommunar 
  • Fleire verksemder i samarbeid 

Einskildverksemder kan ikkje søkje aleine. 

I handsaminga av prosjektsøknadar vert følgjande vurderingskriterier lagt til grunn:
• Treff prosjektet eitt eller fleire av FN sine berekraftsmål?
• Bidrar prosjektet/tiltaket til å redusere klimagassutslepp på kort eller lang sikt?
• Bidrar prosjektet/tiltaket til å redusere energibruken?
• Kan prosjektet vise at dei har tatt omsyn til biologisk mangfald og effektar på natur og miljø?
• Bidrar prosjektet/tiltaket til å auke bruken av fornybare energikjelder?
• Bidrar prosjektet til innovasjon eller auka kunnskap?
• Er prosjektet samarbeid, nettverk eller kunnskapsdeling?
• Vil prosjektet medverke til auka sysselsetjing og verdiskaping?