Søk om støtte til nordiske prosjektsamarbeid

Har du idear til mindre prosjekt som høver for samarbeid mellom Grønland, Færøyane, Island eller Kyst-Noreg? NORA (Nordisk Atlantssamarbeide) lyser ut midlar til samarbeidsprosjekt. Søknadsfristen er 2. mars 2020.

foto frå oppdrettsanlegg

Emne som blir prioriterte i årets søknadsprosess er

  • marine råvarer
  • turisme
  • IKT
  • transport
  • grøn energi

Andre tema vil bli vurderte. Støtte frå NORA kan maksimalt vere 500 000 danske kroner per år i opp til tre år.

Kontaktperson for Vestlandet

Vestlandet (Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal) har ein eigen kontaktperson du kan diskutere idear med, og som kan hjelpe deg å finne relevante partnarar i andre nordiske regionar. Merete Lunde har e-postadresse melu@forskningsradet.no.

Vestland fylkeskommune er medlem i NORA som del av Vestlandsrådet. Dei andre medlemane i organisasjonen er Island, Færøyane, Grønland og Nord-Noreg.