LivOGLyst for lokalsamfunnsutvikling

LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. LivOGLyst er ei satsing der menneske, næringsliv, organisasjonar og kommunar samhandlar.

I LivOGLyst er kvart menneske viktige lokalsamfunnsutviklarar. Programmet har «nedanfrå og opp» som grunnhaldning. Føremålet er å styrkje lokalsamfunnet i brei forstand, med omsyn til lokal identitet, bulyst og lokalt næringsliv.
 
Oppdragsgjevar for LivOGLyst-satsinga er ein partnarskap mellom Vestland fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland og Innovasjon Noreg Vestland.

  • Nettverk 
  • Nyttige kurs 
  • Rettleiing 
  • Innsikt i prosjektmetodar 
  • Økonomisk tilskot 

 

LivOGLyst-forprosjekt (eittårig) vert tildelt finansiell stønad for eitt år, kr 50 000. LivOGLyst-hovudsprosjekt (treårig) vert tildelt finansiell stønad, kr 300 000 fordelt over tre år.  

For hovudprosjekt skal også den aktuelle kommunen bidra med finansiell stønad til prosjektet, kr 90 000 fordelt over ein treårig periode. 

 

  • Lag og foreiningar 

Nedanifrå-og-opp er ei viktig grunnhaldning i LivOGLyst-programmet. Arbeidet skal vere forankra i lokalsamfunnet med lag eller foreining som eigar og leiar av prosjektet.  

Kommunen eller andre utviklingsaktørar kan vere med som initiativtakar til søknad. 

  • Krav om kommunal deltaking. Støtteerklæring frå kommunen leverast som vedlegg til søknaden. Det skal bli utpeika en kontaktperson frå kommunen. For LivOGLyst-hovudsprosjekt skal kommunen medverke med minst kr 30 000 årleg til prosjektet. 
  • Deltaking i kompetansegjevande nettverk er ein obligatorisk del av LivOGLyst-programmet. 
  • Rapportering. 

Alle søkjarar skal søkje elektronisk gjennom tenesta regionalforvaltning.no. Meir informasjon kjem. 

Støttebrev frå kommunen leggjast som vedlegg til søknaden.