Tilskot til innovasjon og næringsutvikling

Vi lyser ut 15 millionar kr til innovasjon og næringsutvikling i fylket. Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar kan søkje om delfinansiering til utviklingsprosjekt.

Søknadene skal realisere måla i plandokumenta som er vedtatt for innovasjon og næringsutvikling. Sjå lenkjer til plandokument og føringar på høgresida. 

Vurdering og tildelingskriterier

Det kan søkjast om støtte til følgjande innsatsområde:

  • energi
  • sirkulære forretningsmodellar
  • grøn konkurransekraft
  • verdikjeder knytt til plast og berekraft

Ordninga er fylkespolitikarene sitt verktøy for å sette ut i livet og realisere dei overordna måla om berekraft. I berekraftsomgrepet er både dei miljømessige, økonomiske og sosiale dimensjonane vektlagt. Meir konkret er denne utlysinga særleg retta mot ei styrka sirkulærøkonomi og mot at næringslivet oppnår endå større omstilling i det grøne skiftet.

Kva støttast ikkje

Ordninga er ikkje retta mot bedriftsstøtte, etablererstøtte, produktutvikling, bedrifter eller privatpersonar. Vi gjer merksam på krava i EØS-regelverket for offentleg støtte gjeld og kan påverke kva støtte som er mogleg å gje. Vi vil i starten av veke 38 legge ut meir informasjon om dette.

Midlane kan ikkje dekke:

  • Drift av næringsverksemd eller organisasjonar
  • Kausjon eller anna økonomisk garanti
  • Direkte eller indirekte investeringar i eigenkapital i verksemder
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt

Ordninga skal delfinansiere tilretteleggande utviklingsprosjekt. Midlane vil normalt ikkje gå til messer, arrangement eller konferansar.

Omstilling mot verdiskaping og sysselsetting i heile Vestland basert på styrking av «grøn konkurransekraft» er grunnleggjande premiss i søknadsvurderinga.

Energi

Vestland er Norges største og viktigaste energifylke. Fylket har god tilgang til rimeleg, fornybar energi, høg kompetanse på elektrifisering og svært gode føresetnader for å vidareutvikle vasskraftsystema og kraftkrevjande industri. I den vidare omstillinga mot fornybare energikjelder er vi avhengig av å byggja vidare på olje- og gassnæringa. Det er viktig å ta vare på kompetansen og teknologien i oljenæringa, slik at vi klarer å bruke den når fornybar og nye næringar skal byggast opp.

Sirkulærøkonomi

Sirkulærøkonomi omfattar alle bransjar, men ulike bransjar har ulike problemstillingar. Nokre døme er:

  • Nye forretningsmodellar som sikrar auka levetid og gjenbruk av produkt, komponentar og material.
  • Bruk av AI og digitale løysingar for å fremje sirkularitet og full utnytting av ressursar
  • Produksjon som fører til mindre avfall, miljøvenleg ressursutnytting og sikrar lengre levetid for råstoff og lettare resirkulering
  • Industrielt samarbeid mellom bedrifter der t.d. avfall hos ein produsent blir innsatsfaktor hos ein annan

Plastutfordringa

Vestland fylkeskommune har vedtatt eigen plaststrategi. I denne utlysinga ynskjer vi å stimulere næringsliv og offentleg sektor til å finne løysningar til plastutfordringa på ein langsiktig og berekraftig måte. Vidare arbeid med utvikling av produsentansvarsordningar og å standardisera typar plast og auka gjenvinningsgraden. Vi ynskjer å støtte opp under og leggje til rette for alternativ for plast og stimulere til innovasjon, forsking og utvikling.

Grøn konkurransekraft

Grøn næringsutvikling betyr at produksjon og næringsaktivitet skal utviklast i ei retning som er berekraftig for miljø og klima, tar omsyn til økologi, og er i tråd med FN sine berekraftsmål. Fylkeskommunen vil særleg løfta fram fornybar energi, havnæringar, teknologi og industri og sirkulærøkonomi som viktige område i den store omstillinga Vestland står ovanfor.

Vi tek sikte på å vedta kva prosjekt som får støtte i møte i hovudutval for næring i desember 2021.

I vurdering av søknader legg vi vekt på søkjar si gjennomføringsevne, forankring i næringslivet og eigeninnsats/eigenfinansiering av prosjektet. Vidare i kva grad prosjekta har utløysande effekt for å nå måla.

  • Støttedel frå fylkeskommunen er normalt inntil 50 prosent av godkjent kostnadsoverslag til prosjektet. Det kan vere at EØS-reglane for offentleg støtte gjer at maksimal støttesats på lågare.
  • Reglar for godkjend timesats for eige arbeid følgjer reglane som til ei kvar tid gjeld i Innovasjon Norge.
  • Prosjekt kan normalt ikkje få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre.

Send søknad via regionalforvaltning.no med desse overskriftene:

  1. Skildring av prosjektet
  2. Søkar/prosjekteigar, kontaktinformasjon med meir
  3. Bakgrunn, prosjektmål, forankring, organisering, samarbeidspartnarar, aktivitetar, målgrupper og resultat/effektar av prosjektet
  4. Tidsplan, kostnadsplan og finansieringsplan

Sjå brukarstøtte til regionalforvaltning her.

Andre søkbare fylkeskommunale ordningar: