Naturbruksveka 2022

Naturbruk er grunnsteinen i grøn utdanning. Gjennom filmar, presentasjonar og live-sendingar gir naturbruksveka informasjon om skulane, utdanningsløpa og kor du kan jobbe om du vel grøn utdanning.

Kva skjer under Naturbruksveka?  

1. - 3. februar går Naturbruksveka av stabelen for andre gong. Naturbruksveka tilbyr unge, foreldre, lærarar og rådgjevarar  digitale besøk ogmeir kunnskap om utdanninga og om grøne karrierevegar.

Har du lyst til å lære meir om hestefaget, besøke ein naturbrukskule, vere med inn i geitefjøset eller bli kjent med ein veterinærstudent? Alt dette, og mykje meir, kan du få oppleve under naturbruksveka. 

Er du rådgjevar i ungdomskulen? På under ein time får rådgjevarane innsikt i kva for grøne linjer som er tilgjengelege på dei vidaregåande skulane i Vestland, innhaldet i desse og ulike relevante karrierevegar.

Open dag på Voss vidaregåande skule

Voss vidaregåande skule inviterer alle 10. klasse-elevar og føresette til å besøke skulen i slutten av januar. Dato kjem.

Program for Naturbruksveka

Tysdag 1. februar 
09.00 - 10.00 Økoskulen – Utdanning for framtida

10.00 – 11.00 Orientering om naturbruk for rådgjevarar i ungdomskulen. Klikk her for å delta i møtet

10.30 – 15.30 Salmaking på Voss – Vil du vere med elevane i 1H og lage hesteutstyr? Meld deg på til skulen på post.vvs@vlfk.no.

13.00 Livesending frå grisehuset på Mo

Onsdag 2. februar
09.00. 10.00 Økoskulen – Mellom fjord, fjell og fjøs, del 1

14.30 – 17.00 Voss vidaregåande skule inviterer 10.klasse-elevar på Voss på besøk. Tilbodet er til elevar som er interesserte i landbruk, hestefag eller villmarksliv. Skulen tilbyr transport, gratis middag og aktivitetar; riding, klatring, dyrestell ogmjølking. Meld deg på til skulen på e-post:vvs@vlfk.no.

Har du lyst til å vere på Sogn Jord- og Hagebruksskule ein og bli betre kjent med tilboda på skulen? Ta kontakt med gry.tokvam@vlfk.no 

Torsdag 3. februar 
09.00 - 10.00 Økoskulen – Mellom fjord, fjell og fjøs, del 2

12.00 -13.00: Orientering om naturbruk for rådgjevarar i ungdomskulen Klikk her for å delta i møtet

Har du lyst til å vere på Sogn Jord- og Hagebruksskule ein dag og bli betre kjent med tilboda på skulen? Ta kontakt med  gry.tokvam@vlfk.no 

Kva er naturbruk? 

  • Naturbruk er eit utdanningsprogram på vidaregående skule. 
  • På naturbruk lærer du om dyr, planter, mat, skog og utmark, maskiner og teknologi. 
  • Naturbruk gir deg ein annleis skulekvardag!  
  • Du er mykje ute, jobbar mykje praktisk og knyter teori og praksis saman. 
  • Du får ta eit djupdykk i interessene dine; dyr, maskiner, planter, fiske eller friluftsliv.
  • På naturbruk lærer du om bruk av naturen i yrke eller fritid. 
  • Naturbruk kan gi studiekompetanse. 

Skulekvardagen på naturbrukslinja

Kvardagen på naturbruk ein fredag på Stend

Kvardagen på naturbrukslinja på Voss

Kvardagen på Sogn jord- og hagebruksskule

Kvardagen på naturbruk på Mo

Vil du ta naturbruk og ende opp med studiekompetanse? Her finn du ein presentasjon om det: 
Studiekompetanse Voss vidaregåande skule - 2020  

Har du lyst til å få fagbrev knytt til hest eller få studiekompetanse mens  held på med hest?  

Her er nokre filmar om hestefaget:  

Møt elevar på hestefaget på Stend 

Hest og hovslagarfaget på Voss vidaregåande skule 

Dyrefag

I dyrefaget får du jobbe med ku, sau, høns, stell av smådyr, trening av hund, og arbeid i stallen med hest. Her er meir informasjon om dyrefaget på Stend.

Landbruksutdanning 

Voss vidaregåande har Landbruk Vg3 her er ein presentasjon om utdanninga. 

Tenker du på å bli veterinær? 

Ingrid har gått naturbruk, veterinærstudiet og jobbar nå som dyrlege. Høyr kva Ingrid seier.

Steffen går nå på veterinærstudiet. Kva synast han om åra på naturbruk?

Vurderer du å bli bonde?

Møt Kjersti (29 år) som har tatt over familiegarden.

Mjølk frå kua til deg 

Følg mjølka gjennom seks korte filmar frå kua til butikken:

Om kua

På garden  

 I tankbilen  

meieriet 

Ut til butikken

I butikkenn   

  • Grøn utdanning er eit godt val om du er interessert i natur og miljø, dyr, teknologi, maskinar og menneske.  Kanskje du har lyst til å utfordre deg sjølv og prøve ut noko heilt nyttKanskje du er lei av å berre sitte på skulebenken og har lyst til å nytte andre sider av deg sjølv? Då er naturbruk noko for deg.  
  • Verda treng å produsere nok mat til alle på ein klimavenleg måte.  Vi treng å vri forbruket over på fornybare ressursarVerda treng matprodusentarforskarar og teknologioptimistar som forstår korleis naturen heng i hop. Kanskje du har lyst til å bidra?  
  • Kanskje du har lyst til å sørgje for at daglegvarebutikkane og resturantane har tilgang på norske kvalitetsråvarer, at landbruket har den beste og nyaste teknologien eller vil bidra til husdyrfaget, dyrevelferden, skogbruket, plantefaget eller forskinga.  
  • Utdanningsløpa er mange, enten du ønskjer å studere i fleire år eller om du ønskjer å ta ei fagutdanning som gir fagbrev. Det er stor etterspurnad etter mange fagområder, og gode muligheter for å få jobb i de grøne næringene. Fag som skogfag, plantefag, husdyrfag, økonomi og arealplanlegging er eksempel på kompetanse det er stor etterspurnad etter.  
  • Her er ei brosjyre som viser nokre av arbeidgivarane som treng fagfolk med grøn utdanning. 
  • Her er ei side for deg som ønskjer å vite meir  moglegheiter knytt til utdanning og arbeid i landbruket.
  • Kor mykje praktisk arbeid og friheit du får med linja. Det er ren glede å komme på skulen og vite at du ikkje skal sitte inne og kjede deg, men være ute og bruke kroppen.  Du er fysisk aktiv og held på med det du vil, men likevel har moglegheit til å få studiekompetanse  
  • Du må tørre å prøve nye ting. Dyr du ikkje alltid har møtt må du være villig til å lære å jobbe samen med. Du jobbar like mykje med dyr som med menneske her. Vær open om alt og ikkje hold tilbake  
  • Lærerikt og spennande. Får ansvar ovanfor dyra og kjenne på meistring. Får et lite avbrekk frå skule stresset med jobbing i enten fjøset eller i smådyravdelinga.  
  • Bra skule, masse kjekke lærarar og du får deg masse venna  
  • Eg har utfordra meg sjølv skikkeleg og kvardagen har blitt mykje meir meiningsfull.  
  • Det er fint å lære om livet, være ute, bli så godt kjent i et miljø, stelle dyra, slå graset og jobbe med konkrete og handfaste, men samtidig så mirakuløst diffuse ting. 

Verda står open med naturbruk (YouTube)