Nytt Næringshageprogram og nytt Inkubasjonsprogram
Vekst, berekraftig omstilling og auka eksport i næringslivet er nokre av stikkorda for dei nye næringshage- og inkubasjonsprogramma, som skal lysast ut nasjonalt med søknadsfrist 15. september 2022. Fylkeskommunen sin ambisjon er å vidareføra og styrka dei sterke innovasjonsmiljøa vi har i Vestland, difor ønsker vi alt no å kome i kontakt med dei som planlegg å søke, både nye og eksisterande aktørar.
Utlysing av det nye næringshage- og inkubasjonsprogram kjem 15. juni. Vestland har mange eksisterande aktørar i programma, og vi veit at det er fleire som er interessert i å søke programma. Den nye programperioden er frå 1. januar 2023 til 31. desember 2032. Denne sida vil bli oppdatert med ny informasjon etter kvart som den blir tilgjengeleg.
Dialog med søkjarane
Vestland fylkeskommune ynskjer å få innspel om kva initiativ, både når det gjeld næringshagar og inkubatorar, som er under utvikling. Det vert lagt opp til dialog med aktuelle søkjarmiljø både før lansering og fram mot søknadsfristen 15. september. Initiativ kan lanserast frå eksisterande innovasjonsmiljø og nye utviklingsmiljø.
Det viktigaste no, er å starte eit arbeid for å forme initiativ som vil ha stor verdi for næringslivet i fylket vårt, derfor ber vi om at initiativa tar kontakt med fylkeskommunen før 20. juni.
I programma som vert avslutta i 2022 har Vestland med fem næringshagar og fem inkubatorar. Målet er at det gode arbeidet med innovasjon vert vidareført enten med søknader frå eksisterande aktørar eller at satsinga vert styrka med nye samarbeidsrelasjonar, nye aktørar og ny kunnskap.
Prosessen fram mot programopptak
Prosessen fram mot programopptak
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) eig og finansierer næringshage- og inkubasjonsprogrammet. Fylkeskommunen er oppdragsgjevar overfor Siva, og Siva har ansvar for oppfølging, utvikling og forvalting av begge programma. Fylkeskommunen kan i nokre tilfelle yte tilleggsfinansiering til den enkelte inkubator og næringshage. Under er milepælane fram mot programopptakk skissert.
Tid |
Milepæl |
Innhald |
15.06 2022 |
Utlysing |
Open utlysing til programma |
22.06 2022 |
Søkjarseminar |
Søkjarseminar for potensielle søkjarar |
15.09 2022 |
Søknadsfrist |
Søknadsfrist for potensielle programoperatørar |
06.10 2022 |
Statsbudsjettet |
Regjeringa legg fram budsjettforslag til post 61 som påverkar den økonomiske ramma for programma |
01.12 2022 |
Tilbakemelding til søkjarar |
Opptak i program, med atterhald om endeleg statsbudsjett og vedtak i fylket. |