Næringshagar

Vestland fylke har fem næringshagar i næringshageprogrammet. Næringshagane er eit viktig verktøy for å stimulere til vekst og utvikling i heile fylket. Dei er ein arena for bedrifter å dele erfaringar, nettverk, kompetanse og infrastruktur.

Ein næringshage er eit innovasjonsselskap som tilbyr tenester som bedriftsrådgjeving, hjelp til utvikling av forretningsidear, marknadsplanlegging, nettverksbygging, internasjonalisering og andre utviklingsrelaterte oppgåver. Ei viktig oppgåve for næringshagane er å kople bedriftene til relevante fagmiljø

Næringshagar i Vestland:
Klar Bedrift AS
Næringshagen i Hardanger AS
Næringshagen på Voss AS
Sognefjorden Næringshage AS
Næringshagane i Nordfjord AS

Om næringshageprogrammet:
Næringshageprogrammet er, frå det offentlege si side, eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen og SIVA. Næringshagane har ei medlemsbedrifter frå sine regionar. SIVA har operatøransvaret for næringshageprogrammet. Programmet vart etablert i 2012 og varar ut 2022. Du kan lese meir om SIVA si rolle i næringshage programmet på nettsidene deira.

Som eit ledd i at fylkeskommunen har teke over oppdragsgjevaransvaret, har næringshageprogrammet blitt forlenga ut 2022. Fram til då skal det arbeidast med å utvikle eit nytt program. Programmet skal òg vere eit verkemiddel for fylkeskommunen, og bidra til at fylkeskommunen si samfunnsutviklarrolle vert styrka.