Inkubatorar

Det er fem inkubatorar i Vestland fylke som alle er med å skape utvikling. I inkubatorane kan gründerar og etablerte bedrifter få rådgjeving innan forretningsutvikling og kommersialisering.

Om inkubatorar:

Ein inkubator er eit innovasjonsselskap, eller del av eit innovasjonsselskap, som tilbyr gründerbedrifter og etablert næringsliv rådgjeving innan forretningsutvikling og kommersialisering til ein subsidiert kostnad.

Dei tilbyr kontorplass, eit fagleg miljø og nettverk der bedriftene koplast saman med andre bedrifter, akademia, FoU-miljø og investorar. Dei mottek årleg mellom
1,5 – 5 millionar avhengig av kvar dei er i Siva sin støttepyramide. Dette er eit resultat av ein omfattande differensieringsprosess som Siva har gjennomført.

No når fylkeskommunen har fått oppdragsgivaransvar for inkubatorprogrammet vil vi kunne påverke desse avgjerdene og dette kan vere tema i utvikling av ein framtidig strategi. Inkubatorane får tilgang til Siva sine utdanningsprogram, kurs, nettverksarenaer, metodikk, malar og beste praksis for forretningsutvikling og kommersialisering.

Over 2000 bedrifter nasjonalt er med i inkubasjonsprogrammet. Bedriftene er normalt sett i inkubasjon i 2 år, slik at rundt 1000 bedrifter vert tatt ut av programmet kvart år.

Inkubatorar i Vestland fylke:

Atheno
Inkubator i Sunnhordland.

VIS - Vestlandets innovasjonssenter
Lokalisert i Bergen.

Aksello
Ligg i Florø

Industriutvikling Vest 
Lokalisert på Isdalstø i Alver kommune. 

Kunnskapsparken Vestland
Het tidlegare Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, og har tilhald i Sogndal og Førde.