Søk tilskot til hurtigladeplassar for elbil

Du kan søke tilskot til bygging av offentleg tilgjengelege hurtigladeplassar i Vestland

Kva kan støttast?

Vestland fylkeskommune støtter etablering av ladeplassar med 2 følgjande delutlysingar:

Delutlysing 1 - Ny ladeplass i:

  • Askvoll kommune
  • Hyllestad kommune
  • Gulen kommune utanom E39 (E39 er del av delutlysing 2)
  • Vadheim sentrum
  • Turtagrø i Luster kommune

Delutlysing 2 - Utbygging av nye hurtigladeplassar og utviding av eksisterande ladeplassar

Denne ordninga støttar ikkje heimelading/normalladeuttak for drosje.

Målet med utlysingane

Målet med utlysingane er å utvide ladetilbodet i Vestland. Dette skal bidra til å gjere det praktisk å bruke elbil i heile fylket. Fylkeskommunen tilbyr derfor investeringsstønad til deg som vil etablere offentleg tilgjengelege ladeplassar. Ordninga skal gjere det mogleg å bygge ut hurtigladeplassar på stader der kundepotensialet i dag ikkje er venta å gje lønnsam drift.

Rammene for utlysinga

På bakgrunn av kundepotensial og eksisterande hurtigladetilbod, ønskjer Vestland fylkeskommune å prioritere område med avgrensa hurtigladetilbod.

Hurtigladetilbodet i Vestland er varierande. Medan bynære område generelt har eit robust nettverk av hurtigladeplassar, er det fleire regionar som ikkje har eit godt ladetilbod. Det gjeld særskilt for nordlege del av fylket. I medhald av strategi for utvikling av hurtigladetilbodet1, vil fylkeskommunen i denne omgang prioritere å støtte etablering i regionar og langs strekningar med svakt hurtigladetilbod. Det vil òg vere aktuelt å prioritere utviding hurtigladeplassar med få uttak og/eller låg effekt i desse regionane.

Kven kan søkje?

Leverandøren skal vere eit lovleg etablert føretak. Føretaket må ha tilstrekkeleg finansiell styrke til å kunne etablere og drifte hurtigladetilbod. Vestland fylkeskommune tar atterhald om å krevje dokumentasjon på desse minimumskrava i søknadsdialogen. Relevant dokumentasjon vil vere attest for skatt og meirverdiavgift, firmaattest og leverandøren sitt årsrekneskap, inkludert noter med styre- og revisjons melding frå dei to siste åra.

Søkjarar kan samarbeide med til dømes andre ladeoperatørar, eigedomsforvaltarar, handels- og serviceverksemder, kraftselskap i prosjektet. Det er òg ønskeleg om ladeoperatøren får finansiering frå andre eksterne aktørar for å gje rom for å utbetre ladetilbodet utover det denne ordninga gjev rom for åleine. Døme på dette kan vere tilskot frå kommunar eller Merkur-programmet. Merkur-programmet er gjeld spesifikt for Merkur-butikkane i distrikta.

I delutlysing 1 vil prosjekt i Askvoll og Hyllestad kommune, Gulen utanom E39, Vadheim sentrum og Turtagrø bli vurdert opp mot kvarandre og høgast poengsum gir stønad. Sjå tabell 1 a for kriteria. Det vil bli løyvd stønad til eitt prosjekt per plass. Prosjekt som får løyvd stønad vil få full stønad i høve til søknad. Grunna avgrensa budsjett, tar fylkeskommunen atterhald om at nokre av plassane i delutlysing 1 kan bli prioritert ned til fordel for søknadar til delutlysing 2.

I delutlysing 2 vil fylkeskommunen prioritere etablering av ladeinfrastruktur i prioriterte område (figur 1). Klikk deg inn på denne lenka for å kome til interaktivt kart med betre oppløysing og med klikkbare detaljar:
https://vestlandfylke.maps.arcgis.com/apps/webappviewer/index.html?id=8a9c829fcaff4e139ed0a5a330f71ebe

Figur 1: Kartet viser prioriterte område (blå felt) og område som er utelèt frå ordninga (rosa felt).

I tillegg til pris, vil vi i vurderinga legge særskilt vekt på eksisterande ladetilbod på staden og i omlandet.

Hurtigare lading reduserer ladetida og risikoen for kødanning. Ladestolpar som gir 150 kW eller meir per ladestolpe blir derfor prioritert og støtta med opptil kr 200 000. Ladestolpar som gir mindre enn 150 kW blir støtta med opptil kr 150 000.

Prosjekt med høg ladeeffekt får høgare poengsum i vurderinga enn prosjekt med ladarar som gir lågare effekt (tabell 1). Effekten blir vekta matematisk med poengsum mellom 1 (50 kW) og 10 (≥ 350 kW).

Fylkeskommunen ønsker å legge til rette for omstilling til nullutslepp i drosjenæringa. Plassar som òg er viktige knutepunkt for drosjenæringa vil bli prioritert. Dette vert vekta som del av Plassering/kvalitet i evalueringskriteria (Tabell 1b)

Tildelingskriterium

For delutlysing 1 og 2 blir tilboda evaluert med omsyn til kriteria lista i høvesvis tabell 1a og b.

Om det er liten konkurranse om midlane, kan fylkeskommunen velje å gå i dialog med søkjarar for å gjennomføre ei kvalifisert vurdering av stønadsbehovet, eller avlyse konkurransen utan nærmare vurdering av søknadane.

Tabell 1a: Evalueringskriteria for delutlysing 1. Dokumentasjonskrav: Skildring av tilbydar sitt løysingsforslag

Kriterium Vekt
Søknadssum per ladestolpe 60%
Effekt per ladestolpe 40%

 

Tabell 1b: Evalueringskriteria for delutlysing 2. Dokumentasjonskrav: Skildring av tilbydar sitt løysingsforslag.

Tilskot til bygging av hurtigladeplassar_tabell.JPG

 

Send søknad til post@vlfk.no. Merk søknaden «Søknad om hurtigladetilskot, 2020/41266». 

Spørsmål om utlysinga kan sendast på e-post til Henrik Løseth Jansen fram til søknadsfristen. Søknadane vil vere til politisk behandling i utval for næring, naturressursar og innovasjon 16. september. Svarbrev vil bli sendt kort tid etter 16. september.

Ladeplassane skal vere ferdig utbygde og tilskotet skal vere fakturert innan 28. februar 2021.

Fylkeskommunane kan dekke opptil 100 % av godkjente investeringskostnadar, avgrensa opp til kr 150 000,- til hurtigladestasjonar med minimum 50 kWh og kr 200 000,- til stasjonar med minimum 150 kWh tilgjengeleg ladeeffekt per ladestolpe. Driftskostnader vert ikkje dekka.

Fylkeskommunen gir investeringsstønad til prosjekt som er avhengig av stønad for å bli realisert. Prosjekt som allereie er vedtatt gjennomført eller sett i gang blir ikkje støtta. Det er derfor viktig å sende inn søknaden før investeringsavgjersla er tatt.

Om søknaden gjeld utviding av ladetilbod på ladeplassar, er det ikkje eit krav om å etablere AC-ladetilbod viss dette allereie finst på ladeplassen.

Ordninga innfrir vilkåra til det alminnelege gruppeunntaket (GBER) og ordninga er dermed førehandsgodkjent av ESA. Det vil seie at stønadsordninga er lovleg i medhald av EØS-avtalen sine regler om offentleg stønad.

Stønad blir utbetalt på etterskot.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan tre veker. Fristen blir rekna frå den dagen søkjar mottok melding om vedtaket. Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans. Ein klage må innehalde kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar du meiner bør gjerast.

Klage på vedtak gjort av Vestland fylkeskommune sendast til Vestland fylkeskommune på e-post til post@vlfk.no.