Tilskot for å styrke industriell symbiose i grøne hubar

Vestland fylkeskommune lyser ut inntil 4 millionar kroner til etablering og vidareutvikling av grøne hubar for industriell symbiose. Utlysinga er eit ledd i den vidare oppfølging av prosjektet Grøn region Vestland, som vart satt i gang av Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge våren 2021.

Eit av dei kritiske oppdraga for Vestland er å bygge strategiske grøne hubar gjennom industriell symbiose. Meir informasjon vert gitt nedanfor under punktet «Bakgrunn».

Ei av utfordringane som vart identifisert i prosjektet, er at det per i dag ikkje er dedikerte ressursar som har overordna ansvar for å stimulere og leggje til rette for samarbeid på tvers av verksemder og verdikjeder. Målet med denne ordninga er derfor å legge til rette for igangsetting av ulike samarbeidsaktivitetar mellom relevante aktørar, på tvers av verdikjeder og bransjar, for å komme eit skritt vidare i prosessen med å realisere industriell symbiose og grøn omstilling.  

Døme på slike samarbeidsaktivitetar vil vera etablering av konsortium eller andre formar for forpliktande samarbeid i dei 16 hubane som er identifisert i Grøn region Vestland. Det er også aktuelt å støtte aktivitetar for å vidareutvikle eksisterande samarbeid i desse hubane.

Eksempel på samarbeidsaktiviteter som kan støttast:

  • Konkretisere visjon og mål for realisering av samarbeid om sirkulære forretningsmodellar og industriell symbiose i hubane, t.d. utarbeide overordna plan (masterplan) og konkrete handlingsplanar for hubane
  • Lage oversikt og plan for felles infrastruktur
  • Identifisere og organisere potensielle samarbeidande næringsaktørar
  • Etablere eller vidareutvikle forpliktande samarbeidskonstellasjonar
  • Legge til rette for fellesaktivitetar i hubar og på tvers av ulike hubar

Andre samarbeidsaktivitetar enn dei som er nemnt ovanfor, kan vera aktuelle.

Det vert gitt støtte på inntil 400 000 kr for kvar hub. Hubar som i 2022 har fått tilskot til tilsvarande aktivitet frå andre fylkeskommunale ordningar, t.d. for spesielt utsette kommunar, kan ikkje søke om støtte. Ein hub kan berre få forprosjektmidlar ein gong.

Det er ingen søknadsfrist for ordninga, og søknadar vil bli fortløpande handsama etter kvart som dei vert mottekne. Siste moglege mottaksdato er 31. oktober 2022, men ein må vera merksam på at ordninga kan verta avslutta før dette tidspunktet dersom totalbeløpet på 4 millionar kr er fordelt ut.

Prosjektet Grøn region Vestland har identifisert 16 «hubar» for grøn næringsutvikling i fylket. Dette er konsentrasjonar av grøne innovasjonsprosjekt som er kopla saman gjennom utveksling av ressursar som energi, varme, avfall eller liknande, og kor industriell symbiose er ein aktuell metodikk for å redusere kostnadar og utslepp.

Industriell symbiose er ein prosess kor verksemder innanfor eit geografisk område deler på ressursar, til dømes energi, vatn eller avfalls- og biprodukt. Målet er høgast mogleg utnyttingsgrad av avgrensa ressursar og sirkulære modellar med minst mogleg avfall og svinn.

Realisering av potensialet i desse hubane er kritisk for å setja fart på dei nye grøne verdikjedene i Vestland, sikre regional konkurransekraft og  bidra vesentleg til nødvendige utsleppskutt. Nøkkelen for å lukkast er å få i stand eit strukturert arbeid med industriell symbiose på kommersielt, teknisk og operasjonelt nivå.

Lukkast vi med industriell symbiose i hubane, vil vi redusera kostnadsbarrierane i nye verdikjeder og redusera utsleppa i regionen, samtidig som vi aukar attraktivitet og styrker potensialet for grøn eksport.

Send søknad via regionalforvaltning.no og ha med følgjande: 

  • skildring av prosjektet 
  • søkjar/prosjekteigar, kontaktinformasjon med meir 
  • bakgrunn, prosjektmål, forankring, organisering, samarbeidspartnarar,  aktivitetar, og resultat/effektar av prosjektet 
  • tidsplan, kostnadsplan og finansieringsplan 

Det må vere samanheng mellom aktivitetar og kostnadar, og skjema om bagatellstøtte må følgje søknaden.

Sjå brukarstøtte til regionalforvaltning her.  
Sjå andre søkbare fylkeskommunale ordningar

Ordninga er ikkje retta mot bedriftsstøtte, etablererstøtte, produktutvikling, økonomisk støtte til enkeltbedrifter eller privatpersonar.  

Messer, arrangement eller konferansar får normalt ikkje støtte frå denne ordninga, men i særskilde tilfelle kan vi likevel innvilge støtte dersom aktivitetane inngår som ein del i utviklinga av huben.  

Midlane kan ikkje dekke

  • driftskostnadar i næringsverksemd eller organisasjonar, så lenge det ikkje er del av eit definert utviklingsprosjekt 
  • kausjon eller anna økonomisk garanti 
  • direkte eller indirekte investeringar i eigenkapital i verksemder 
  • fysiske investeringar 
  • lovpålagde oppgåver 
  • renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt 

Midlane kan ikkje nyttast til ordinære driftskostnadar, men det er aktuelt å støtte søknadar som tar sikte på å frikjøpe ressursar hjå aktørar i hubane for å auke kapasiteten til fellesaktivitetar.

Målsetnaden er å stimulere til etableringa av konsortium eller andre former for forpliktande samarbeid om utvikling av dei 16 hubane i tråd med tilrådingane i rapporten Grøn region Vestland – Vestlandsporteføljen.

Søkjar må vera ein organisasjon eller bedrift, som er del av ein av dei identifiserte hubane, og er etablert med organisasjonsnummer. Tredjepartar som per i dag ikkje er å rekne som ein del av ein hub, kan likevel søkje dersom dei er bedt om å fasilitere aktivitet på vegne av aktørar i huben.

Enkeltaktørar kan ikkje få støtte for eigne prosjekt under denne ordninga.

Det er eit føremon å kunne vise til støtte, medfinansiering eller aktiv deltaking frå kommunar eller regionråd.

Det er mogleg å søkje om støtte til aktivitetar som har verdi utover den einskilde hub eller som involverer meir enn éin hub.

Innkomne søknadar vil bli vurdert fortløpande, og avdelingsdirektør for innovasjon og næringsutvikling tek endeleg avgjerd om godkjenning av søknad.  

I vurdering av søknadar legg vi vekt på søkjar si gjennomføringsevne, forankring i hubane og elles i næringslivet, finansiering av prosjektet, samt i kva grad tiltaket vil setje aktørane betre i stand til å realisere sirkulære forretningsmodellar og industriell symbiose.

Basert på fylkeskommunen sine retningsliner for verkemiddelbruk vil desse kriteria særleg ligge til grunn for vurdering av søknadar:

  • Bidrag til å nå mål for utlysinga
    Søknaden må vere tematisk relevant og retta mot målet for ordninga. Det vert lagt vekt på om dei planlagde aktivitetane har potensial til å fremje samarbeid om å realisere sirkulære forretningsmodellar og industriell symbiose.
  • Gjennomføringsevne
    Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering og metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Prosjektsøknaden må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort. Det er eit føremon å kunne vise til støtte, medfinansiering eller aktiv deltaking frå kommunar eller regionråd.
  • Utløysande effekt
    Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at utviklingsprosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid. 

Dersom det kjem inn fleire søknadar innanfor ein kort tidsperiode, kan det bli aktuelt å sjå desse opp mot kvarandre i handsaminga for å sikre at den samla støtta bidreg til å nå måla for ordninga.

  • Støttedel frå fylkeskommunen er normalt inntil 50 prosent av godkjende kostnader i prosjektet. I særskilde tilfelle, som til dømes forstudium og forprosjekt, kan prosjektet få ein høgare støttesats. Det kan vere at EØS-reglane for samla offentleg støtte likevel gjer at maksimal støttesats blir lågare. Krava i statsstøtteregelverket gjeld òg kan påverke kor mykje og kva støtte det er mogleg å gje.  
  • Reglar for godkjend timesats for eige arbeid følgjer reglane som til ei kvar tid gjeld i Innovasjon Norge. 
  • Prosjekt kan normalt ikkje få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre. 

Søkjar må spesifisere alle planlagde aktivitetar og kostnadane knytt til desse. Det må også gå fram kva kostnader det vert søkt støtte til, kva som vert dekka av eigenfinansiering, og kva som eventuelt vert dekka av tredjepartar (offentlege og private).

EØS-regelverket for offentleg støtte (statsstøtteregelverket) gjeld, og kan påverke kva støtte det er mogleg å gje under denne ordninga.  

Dersom prosjektet er omfatta av EØS-regelverket blir eventuelle tilskot tildelt etter den såkalla gruppeunnataksforordninga (GBER) eller reglane om bagatellmessig støtte. Desse reglane kan avgrense moglegheitene til å støtte prosjekta, heilt eller delvis.

I søknadsskjemaet må du svare på om di verksemd har motteke bagatellmessig støtte etter EØS-regelverket dei tre siste åra, eller om verksemda har motteke eller søkt anna støtte etter EØS-regelverket til dette prosjektet (GBER). Skjema for stadfesting av tidlegare motteke bagatellstøtte skal ligge ved søknaden, og skal fyllast ut og sendast inn uansett om det er motteke bagatellstøtte dei siste tre åra eller ikkje. 

Relevante artiklane under gruppeunnataksforordninga (GBER) som kan vera aktuelle å bruke finn de i tabellen under:  

Aktivitet

Artikkel

Støtte til nyetablerte føretak

Artikkel 22

Forundersøkingar

Artikkel 25

Utviklingsprosjekt

Artikkel 25

Innovasjonsklynger

Artikkel 27

Støtte til prosess- og organisasjonsinnovasjon

Artikkel 29

Nærare om regelverket for gruppeunnataksforordninga (GBER) - Kommisjonsforordning 651/2014 av 17. juni 2014 – uoffisiell norsk oversetning.

Bagatellmessig støtte

Mindre støtteutbetalingar omtalast som bagatellmessig støtte. Under unntaket for bagatellmessig støtte kan eit føretak ta i mot inntil 200 000 euro over ein periode på tre år. Dersom GBER ikkje kan nyttast, kan fylkeskommunen vurderer å tildele støtta som bagatellmessig støtte i tråd med regelverket.   

Forordninga er tilgjengeleg her