Finn kontaktperson i din kommune
Treng du hjelp til å kome i gang med ein bedriftsidé eller eit prosjekt? Kontakt ein av rettleiarane i din kommune på www.driftig.no.
Vestland fylkeskommune arbeider med å etablere eit nytt heilskapleg entreprenørskapssystem for nye Vestland fylke som gjev lik tilgang til støtte og rettleiing uansett kvar i fylket ein bur.
Entreprenørskapssystem skal vere eit system for dei som ønskjer å etablere bedrift eller vidareutvikle verksemda si, og for dei som driv med rettleiing, opplæring, inkubasjon og økonomiske subsidiar. Det er ønskjeleg at dei eksisterande aktørane innan entreprenørskapsstøtte skal integrerast i ei slik teneste. I påvente av at det nye tilbodet kjem opp og går, vil ein nytte driftig.no som nettstad, informasjonskanal og kontaktpunkt for dei som ønskjer å starte eller vidareutvikle bedrift i Vestland fylke. Som ei mellombels løysing vil aktørane vidareføre eksisterande tilbod i 2020.
Avtalane som Sogn og Fjordane fylkeskommune har hatt
med eksterne leverandørar om etablerarkurs og -rettleiing vil bli forhandla
fram på nytt for 2020. Meir informasjon kjem når dette er klart.
Etablerarsenteret, som er eit spleiselag Hordaland fylkeskommune har hatt med
fleire av kommunane i Hordaland, vil òg vidareføret tilbodet sitt i 2020 med
etablerarkurs, rettleiing og nettverkssamlingar.
https://www.driftig.no/om-driftigno