Omstilling og nyskaping

For å møte utfordringane med fallande oljeinntekter, færre yrkesaktive bak kvar pensjonist og behovet for eit grønt skifte, skal Vestland fylkeskommune satse på omstilling og nyskaping i industrien og næringslivet.

Utvikling av langsiktig omstillingsevne blir viktig for at Vestland fylke skal få tilgong på kompetanse som gjer fylket i stand til å satsa på forsking, utvikling og innovasjon i arbeidsliv og lokalsamfunn.   

Vestland fylkeskommune skal  

  • stimulere til møteplassar som styrkar målet om å skape attraktive arbeidsplassar, basert på den kompetansen det er behov for i fylket, for å løyse samfunnsutfordringar 
  • Styrke og vidareutvikle bedrifter i industrien 
  • Vere ein mobiliserande og koordinerande aktør overfor kommunane, regionale aktørar, næringsliv og anna samfunnsliv i Vestland   

Strategiske innsatsområde: 

  • Omstilling og nyskaping i industrien 
  • Tiltak for å skape ny vekst i etablerte SMB-bedrifter i industrien 
  • Tiltak som styrker industrien i arbeidet med ny teknologi, auka digitalisering og automatisering 
  • Felles tiltak knytt til rammevilkåra for industrien