Søk om å auka kapasitet i matfiskanlegg for laks og aure

Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett ny forskrift om kapasitetsjusteringar for fiskeoppdrettarar i 2022. Fristen for å søke om kapasitetsjustering er 28. juni.

Oppdrettarar som søkjer om kapasitetsjustering i Vestland må sende søknaden til Vestland fylkeskommune.

Søknadsskjema, forskrifter og meir informasjon ligg på nettsida til Fiskeridirektoratet:
Kapasitetsjustering / trafikklyssystemet 2022 (fiskeridir.no)

Oppdrettarane kan søkje om kapasitetsauke i grøne produksjonsområde og såkalla unntaksauke.