Tilskot til auka verdiskaping i frukt, bær og grøntnæringa

Fylkeskommunen lyser ut 3,25 millionar kr til tiltak som kan bidra til å auke verdiskapinga i frukt, bær og grøntnæringa i fylket. Midlane skal gå til å skaffe ny kunnskap eller til målretta utviklingsprosjekt.

Omlag 12 % av verdiskapinga i jordbruket i fylket er knytt til produksjon av frukt og bær. Å auke verdiskapinga ute på gardane er viktig for å sikre drifta. Verdiskapinga kan aukast både ved å optimalisere og utvikle gjeldande produksjon og ved å auke den samla produksjonen. Det er venta ein stor auke i etterspurnad etter frukt og grønt nasjonalt i åra framover. Fylkeskommunen ynskjer å bidra til at Vestland tek sin del av den venta veksten.

Tema som kan vere aktuelle å ta tak i: 

  • auke produksjonen i tråd med auke i etterspurnaden 
  • ny driftsteknologi og nye driftsmetodar  
  • prøve ut og ta i bruk alternative dyrkingsmetodar og nye sortar   
  • sikre kvalitet i heile verdikjeda  
  • produktutvikling og vidareforedling 
  • kartlegge potensiale for og hindringar for vekst 
  • stimulere til forskingsbasert utvikling og innovasjon  
  • Organisasjonar i næringa
  • FoU-institusjonar
  • Nærings- og utviklingsorganisasjonar
  • Kommunar

Ei enkelt bedrift kan stå som søkjar til fellestiltak dersom det blir gjort i samarbeid med og til nytte for fleire bedrifter. Det kan ikkje gjevast støtte verken til å etablere, drive, gjere fysiske investeringar i, eller utvikle bedrifter.

Behov og forankring i næringa
Søknaden må vere tydeleg på kva som har utløyst behov for det planlagde tiltaket og omtale på kva måte tiltaket er forankra i næringa og hjå aktuelle samarbeidspartar.

Potensial for auka verdiskaping
Søknaden må syne venta potensial for auke i verdiskapinga. Auka verdiskaping kan vere som følgje av auka produksjon i Vestland og/eller utvikling av eksisterande produksjonar. Tiltak som bidrag til auka verdiskaping hjå bonden, vil bli prioritert.

Regional effekt
Effekt over eit større geografisk område vil bli lagt vekt på. Mindre prosjekt utan regional effekt eller overføringsverdi i form av tema eller metodeutvikling får normalt ikkje støtte. Det vil telje positivt dersom tiltak fremjar samarbeid.

At midlane har utløysande effekt
Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at utviklingsprosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.

Evne til å gjennomføre
Det vil bli lagt vekt på at søkjar har evne til å gjennomføre. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering og metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Prosjektsøknaden må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort.

Søknadane vert vurdert opp mot gjeldande regelverk, og tilskot må mellom anna tildelast i tråd med regelverket om offentleg støtte. Tilskot som vert vurdert som offentleg støtte jamfør EØS-avtalen blir i hovudsak tildelt som bagatellstøtte. 

Maksimal støttedel frå fylkeskommunen er normalt inntil 50 % av totalbudsjettet til prosjektet utan mva. Tiltak som har til føremål å skaffe ny kunnskap, kan støttast med inntil 75%. Dette skal grunngjevast særskilt i søknaden.

Reglar for godkjend timesats for eige arbeid følgjer Innovasjon Norge sine til ein kvar tid gjeldande reglar. Gjeldande timesats er inntil 1,2 promille av årslønn, men avgrensa til kr 700 pr time. Tal timar skal spesifiserast både i søknad og ved levering av rapport/rekneskap.

Prosjekt kan normalt ikkje kan få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre.