Opning av landet sitt største fruktpakkeri

1. juli opna Sogn Frukt og Grønt sitt nye pakkeri på Håbakken i Lærdal. Samstundes opna og lokalmatbutikken Sognasmak, som kun sel lokale varer.

Opning Håbakken juli 2022 Askeland og Borch.jpg
Landbruks- og matminister Sandra Borch opna anlegget til Sogn Frukt og Grønt. Saman med ordførar i Lærdal, Audun Mo og fylkesordførar Jon Askeland planta ho eit morelletre i hagen utanfor det nye pakkeriet. Foto: Vestland fylkeskommune.

Pakkeriet vil ta imot frukt, bær og grønt frå dei 140 produsentane i Sogn som står bak Sogn Frukt og Grønt.

Anlegg på 6500 kvadratmeter
For eitt år sidan stod fylkesordførar Jon Askeland på anleggsområdet og planta eit morelletre i ei kasse, som teikn på oppstarten av byggjearbeidet. Sidan den tid har det reist seg eit anlegg på 6500 kvadratmeter med ein kostnad på 76 millionar kroner.

Denne gongen fekk Jon Askeland planta morelletreet i ein hage utanfor den nye pakkeriet, med god hjelp av landbruks- og matminister Sandra Borch og Lærdalsordførar Audun Mo. Etter Sandra Borch si opning fekk dei mange frammøtte ein rundtur med orientering i det nye anlegget. Anlegget består at pakkesal, kjøl og frysar, og i front ny Felleskjøp-butikk og lokalmatbutikken  Sognasmak.

Samarbeid og ståpåvilje
I si helsing framheva Jon Askeland det samarbeidet og den ståpåviljen som har ført fram til dagens anlegg. Fylkeskommunen har følgt satsinga over mange år, og har støtta pakkeridelen med 15 millionar kroner. Utviklinga av næringsmiljøet på Håbakken var også sentralt i det omstillingsarbeidet i Lærdal som fylkeskommunen var med på for nokre år sidan.

Dagen vart avslutta med eit seminar om marknadsmoglegheiter og vekst på frukt og grønt i Sogn, der statssekretær Alexander Øren Heen frå Klima- og miljødepartementet stod for opninga.