Slik jobbar vi med hydrogen

Vestland har ein unik tilgang på elektrisitet frå fornybar vasskraft. Men kva gjer vi når vi har behov for fossilfri energi der det ikkje finnast straumkablar og der batteri ikkje er eit reelt alternativ? Da trenger vi andre energiberar. Ein slik energiberar kan vere hydrogen.

Hydrogensamarbeidet på Vestlandet 

I Vestland skal det vere nullutslepp av klimagassar innan 2030. For å klare det målet må all samferdsel, person- og varetransport skje utan direkte utslepp av klimagassar. I Vestland har vi komet langt i arbeide med å elektrifisere bilparken. Elektrisk framdrift med batteri som energikjelde kan likevel ikkje nyttast i alle typar køyretøy og fartøy. Difor har Vestlandsrådet starta eit arbeid for å stimulere utviklinga av hydrogenmarknaden langs Vestlandet.  

Kven er med? 

Hydrogensamarbeidet på Vestlandet er eit samarbeid mellom dei tre fylka Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland. Målet med samarbeidet er å: 

  • Utvikle hydrogeninfrastruktur og tilhøyrande marknad langs Vestlandet. 
  • Undersøke potensialet for hydrogen i offentleg anskaffing. 
  • Arrangere dialogmøter med kommunar og næringslivet. 
  • Bidra til eit meir samla fylkesnettverk på hydrogen nasjonalt. 

 

Slik jobbar vi 

Det er mange aktørar som ser på moglegheita for å ta rolla som infrastruktureigar for hydrogen i Noreg, og Vestland Fylkeskommune er involvert i stadig fleire hydrogenprosjekt. Dei viktigaste er: 

  • Hydrogenproduksjon: Det er i dag fleire spennande initiativ for å starte hydrogenproduksjon i Vestland i løpet av dei kommande åra. 
  • Hydrogen Valleys: Partnarskap for 31 regionar i Europa som saman skal etablere konkrete samarbeidsprosjekt for hydrogen. VLFK er med i arbeidsgruppa for maritim sektor og tungtransport. Vi ønsker å utnytte denne moglegheita til å skape ein større marknad for norske bedrifter internasjonalt. 
  • Flåteinnkjøp av hydrogenlastebilar: Saman med tre norske bankar, Noregs Lastebileier-forbund og Akershus fylkeskommune, skal Vestland sørge for at relevante aktørar kan ta i bruk hydrogenlastebilar på strekningane mellom Bergen og Oslo. Dette heng også saman med planane for infrastrukturutbygging på Vestlandet. Vi jobbar aktivt for å koordinere dette arbeidet med dei andre pågåande hydrogenprosjekta i Noreg.  

Kontakt oss 

Vil du vere med på arbeidet med hydrogen på Vestlandet? Ta kontakt med vår prosjektleiar, Tore Solheimslid 

“Vestlandet skal vere ein leiande region, eit levande laboratorium, i utvikling og bruk av hydrogen som energiberar.”