Bestill plass på energimessa ONS 2022
Vestland fylkeskommune inviterer verksemder heimehøyrande i fylket med på ein regional paviljong under energimessa ONS i Stavanger frå 29. august til 1. september.

I utgangspunktet omfattar «heimehøyrande» hovudkontor og omfattande aktivitet i fylket. Eventuelle tvilstilfelle må drøftast for avklaring.
Oppsett og profilering
Vestland fylkeskommune samarbeider med Messetjeneste AS om tilrettelegging og bygging av paviljongen. Vi har laga ein brosjyre som syner plassering av og oppsett for standen. Dei felles profilelementa er enn så lenge førebelse.
Den overordna tenkinga er at veggflatene i utstillarmodulane vert fullt ut disponerte av utstillarane. Dei takhengde kubene fungerer som blikkfang og lyskjelde. Her vil det utelukkande vere fellesprofil for standen. På utvendige veggflater på møte- og lagerrom er det aktuelt med utstillarlogoar, kombinert med felles profilelement for standen.
Standardiserte modular
Vi tilbyr i utgangspunktet og ønskjer primært standardiserte modular. Ein umøblert modul kostar 40 000 kr per stykk (alle prisar i oppsettet er eksklusiv mva). Prisen føreset at utstillarane har trykkeklar grafikk. Eventuell tilrettelegging av grafikk vert fakturert ekstra ut frå timebruk.
Prisen inkluderer
- veggar med utstillardekor
- teppegolv (felles for heile standen)
- to utstillarkort (ekstra kort kostar 300 kr per stykk)
- belysning
- stikkontakt (ekstra stikkontakt kostar 495 kr per stykk)
- tilgang til minglesone, lagerrom og møterom. Møterom kan utgå om det blir så mange utstillarar at vi må ofre dette, eller at det blir så få utstillarar at vi må seie frå oss areal for å gå i økonomisk balanse
Det kan vere aktuelt med profilbanner for standen langs ytter-/langveggen.
Fellesskjerm og spesialtilpassing
I minglesona planlegg vi for ein 75’’ skjerm for fellespresentasjonar, dersom utstillarane ønskjer det. Vi legg også opp til tilgang på kaffi og vatn.
Eventuell enkel servering i utgangspunktet må du bestille (og betalast for) særskilt.
Om nokre treng større plass, til dømes for å syne utstyrskomponentar, kan det vere mogleg å få til ei spesialløysing. Det er mest nærliggande å tenkje seg dette i hjørnet i forlenginga av møterommet og minglesona. Spesialløysing må i tilfelle prisast særskilt ut frå eksklusivitet og meirarbeid og -kost.
Møblering
Møblering kjem i tillegg ut frå kva utstillarane vil ha. Elementa som er teikna inn illustrasjonane i brosjyren er:
- krakk: 365 kr per stykk
- skåp: 1 095 kr
- 42’’ skjerm: 3950 kr
Skåp kan alternativt erstattast med eit enkelt «barbord», eventuelt saman med brosjyrestativ.
Førstemann til mølla
Vi prioriterer plass på paviljongen ut frå «førstemann-til-mølla-prinsippet». Endeleg layout er avhengig av kor mange utstillarar vi blir.
Difor etablerer vi eit køsystem, der utstillarane vel blant tilgjengelege plassar etter tur, når endeleg oppsett er klart. Plass i køen blir tildelt ut frå når de stadfestar at de vil vere med.
Stadfesting skjer i første omgang ved å sende ein e-post til kontaktperson, der de presiserer at de vil vere med. Dette vil bli følgt opp av ein kontrakt som vert inngått mellom utstillar og Vestland fylkeskommune.
Innlosjering
Det blir opp til utstillarane å sikre seg innlosjering. Då finst desse alternativa: