Marint internasjonalt arbeid og nettverk - NORA og Nordsjøkommisjonen

Vestland fylke er aktivt medlem av fleire internasjonale nettverk og møteplassar innan marin sektor.

Vestland er aktivt medlem av Nordsjøkommisjonen si marine ressursgruppe. Nordsjøkommisjonen har fire tematiske grupper organisert etter desse tema:  

Alle gruppene jobbar med å gjennomføre «North Sea Region 2020 Strategy», samstundes som det vert arbeidd med ny strategi fram til 2030. 

Nordsjøkommisjonen (North Sea Commission - NSC) er ein av seks geografiske kommisjonar under den politiske paraplyorganisasjonen Conference of Peripheral Maritime Regions (CPMR). Hovudmålet for NSC er å fremje samarbeid mellom regionane rundt Nordsjøen for å finne gode løysingar, dele erfaringar og arbeide for å påverke Europeisk politikkutforming. Dette er ein viktig reiskap i det norske handlingsrommet under EØS-avtalen. 

Nordsjøkommisjonen har 34 medlemsregionar frå 8 land i Nordsjøregionen: Frankrike, Storbritannia, Belgia, Nederland, Tyskland, Danmark, Sverige og Norge. 11 fylkeskommunar i Noreg frå Trøndelag og sørover er medlemar. Det er også dei tre Vestlandsfylka. Nordsjøkommisjonen jobbar spesielt med berekraftig utvikling med fokus på kultur og turisme, marine ressursar, berekraftig transport og energi og klimautfordringar. 

Sjå Nordsjøkommisjonen si heimeside for meir informasjon https://cpmr-northsea.org/ 

 

NORA er ein organisasjon som skal vere agendasettande, allianseskapande og prosjektstøttande. Det er høve til å søkje prosjektmidlar frå NORA, med to årlege søknadsfristar. 

NORA er ein mellomstatleg organisasjon under Nordisk Ministerråd sitt regionalpolitiske samarbeidsprogram og er finansiert av Nordisk Ministerråd og dei deltakande regioner. NORA-regionen består av til saman fem land og regionar; Island, Færøyane, Grønland, Vestlandet og Nord-Norge.  

NORA skal bidra til vekst i regionen mellom anna gjennom å styrke samarbeidet mellom bedrifter og forskings- og utviklingsorganisasjonar på tvers av landegrensene. Hovudlinene i NORA sitt arbeide vert fastsett av komiteen gjennom fleirårige strategiplaner og årlege handlingsprogram.

Prioriterte område i gjeldande strategi er; bioøkonomi, berekraftig reiseliv, sirkulærøkonomi, transport, energi og lokalsamfunn.

Sjå  NORA si heimeside: www.nora.fo for meir info om prosjektstøtte og aktivitetar.