Fiskeri

Fylkeskommunen tildeler undervisningskvotar.

Fylkeskommunen er opptatt av rekruttering til næringa. Vi har ansvar for tildeling av skulekvoter til vidaregåande skular med opplæringstilbod innan fiskerifag, og tildeling av lærlingekvotar i fylket.   

Er du lærling på fiskebåt med godkjent lærekontrakt, kan du søkje om lærlingekvote. 

Ordninga med læringekvoter følgjer kalenderåret og ikkje skuleåret. Storleiken på lærlingekvota, og kva for fiskeslag det kan tildelast kvote på bereknast av Fiskeridirektoratet, på bakgrunn av tildeling frå Nærings- og fiskeridepartementet. 

Søknadsskjema for lærlingekvote er tilgjengeleg på nettsida til Fiskeridirektoratet.

Det er fylkeskommunen der du søkjer om kvote som behandlar søknaden. Søknaden blir automatisk sendt til den fylkeskommunen du oppgjer at du søkjer kvote i.

Forskrift om undervisningskvoter.

Vidaregåande skular med opplæringstilbod innan fiskerifag (Vg1 naturbruk (blå variant) og Vg2 fiske og fangst) kan søkje om skulekvote.

Skulen sender søknad til fylkeskommunen før 20. juni kvart år. Søknaden må innehalde tal på elever og klassar det søkjast om skulekvote for. 

Fylkeskommunen tildeler skulekvotar ut frå ein kvoteeining fastsett av Fiskeridirektoratet.

Forskrift om undervisningskvoter.