Slik blir du godkjend lærebedrift

Ei lærebedrift er ei bedrift som er godkjend for å teikne kontrakt med lærlingar og lærekandidatar.

Som lærebedrift tar du samfunnsansvar og er med å sikre rekrutteringa av fagarbeidarar i Vestland fylke.

Kvifor bli lærebedrift?

Å vere godkjend lærebedrift er eit kvalitetstempel og viser at bedrifta tar samfunnsansvar.

  • De mottar eit tilskot for kvar lærling de tar inn
  • De får skreddersy ein ny tilsett.
  • De sikrar rekruttering av kompetente medarbeidarar

Kven kan bli lærebedrift?

For å bli godkjend som lærebedrift må bedrifta di:

  • kunne gi opplæring i Vg3-læreplanen for faget, anten sjølv eller i samarbeid med andre.
  • ha ein person som kan vere fagleg leiar og ha ansvar for og tilsyn med opplæringa. Denne personen må sjølv ha fagbrev eller annan kompetanse som er relevant i forhold til opplæringa.
  • utarbeide ein intern plan for opplæringa for å sikre at lærlingen får opplæring i samsvar med læreplanen.
  • fagleg leiar må fullføre første del av ei to-delt obligatorisk opplæring for nye lærbedrifter. Dette må gjerast før bedrifta endeleg kan bli godkjend som lærebedrift.

Meir informasjon om e-læringskurset for nye lærebedrifter og fagleg leiar finn du under.

Opplæringslova stiller krav til lærebedriftene. Fylkeskommunen kan rettleie deg om desse oppgåvene. Er du medlem av eit opplæringskontor får du hjelp der. 

Opplæringslova, kapittel 4 Vidaregåande opplæring i bedrift

Forskrift til opplæringslova - særskilte reglar om fagopplæringa

For å finne ut om bedrifta di kan bli godkjent som lærebedrift kan du lese læreplanen. Ta kontakt med Rettleiingstenesta dersom de har spørsmål.

Finn læreplanen for faget du ønskjer å gi opplæring i

Når de søkjer:

  • Fyll ut det digitale søknadsskjema 
  • Legg ved dokumentasjon på fagleg leiar sine kvalifikasjonar 
  • Legg ved kursbevis for det obligatoriske nettkurset som faglege leiarar og instruktørar må gjennomføre
  • Legg ved samarbeidsavtalen dersom bedrifta er medlemsbedrift i eit opplæringskontor
  • Dagleg leiar, fagleg leiar og innsendar må signere skjemaet.

E -læringskurset er del 1 av den obligatoriske opplæringa for faglege leiarar.

Kurset er på ca. 45 minutt og er eit ledd i kompetanseutviklinga. Det skal vere med å sikre at alle nye lærebedrifter og faglege leiarar får same informasjon og opplæring om rolla si og ansvaret sitt.

Faglege leiarar må i tillegg til e-læringskurset kurset ta del 2 i den obligatoriske opplæringa. Det er eit dagskurs/webinar i regi av Vestland fylkeskommune. Du vil på slutten av e-læringskurset få opp ei lenke der du kan melde deg på dette.

Når du har gjennomført kurset får du eit kursbevis. Dette legg du ved søknaden om å bli godkjent som lærebedrift.

Det er også høve for instruktørar å delta på denne opplæringa. 

Registrerer du deg for å ta kurset

Logge inn for å repetere kurset eller for å finne kursbeviset ditt.

Lærebedrifta får tilskot frå fylkeskommunen som skal dekke utgifter til opplæring av lærlingen. Beløpet er avhengig av kva type lærling du tar inn.

Les meir om ulike typer tilskot her (Utdanningsdirektoratet)  

Utfyllande informasjon om satsane (Utdanningsdirektoratet)