Scenario Fjord Norge 2030

På bestilling frå Vestlandsrådet blei det i 2019 gjennomført eit prosjekt med mål å arbeide fram eit framtidsscenario for reiselivet på Vestlandet i 2030. Fjord Norge AS var prosjektleiar, i tett samarbeid med fylkeskommunane, reiselivsorganisasjonane og reiselivsbedriftene i regionen.

Eit scenario, eller framtidsbilde, handlar om å lage eit sett av ulike, realistiske og utfordrande forteljingar om framtida, og så bruke desse som eit bakteppe for strategiarbeid. Som utgangspunkt for arbeidet har Menon produsert ein nullpunktsanalyse. Tre ulike scenario er utarbeida, basert på desse hovudpunkta: 

  1. Produkta og opplevingane på Vestlandet i 2030
  2. Gjestane på Vestlandet 2030
  3. Sesong
  4. Økonomi
  5. Organisering av fellesoppgåver, struktur i næringa og eigarskap
  6. Berekraftig utvikling
  7. Marknadsposisjon
  8. Kompetanse, arbeidskraft og omdøme.  

Dei tre framtidsbilda blei presentert på ein workshop for reiselivsnæringa i april 2019, og basert på tilbakemeldingane frå denne gjekk arbeidsgruppa vidare med Scenario 3, «Kollektiv suksess». I dette sceneriet ser ein for seg at «Attraktivitet gjennom berekraft» er ein dekkande visjon for reiselivet på Vestlandet. Det er utarbeida ni målsetjingar som er konkrete og som kan nyttast som utgangspunkt for strategiske planar og handling i tida framover. Scenarioprosjektet skal til handsaming i fylkesutvala hos dei tre vestlandsfylka og i Vestlandsrådet i første kvartal 2020.