Tannhelse og tannbehandling for personar som har langvarige psykiske helsevanskar

Tannhelse er ein viktig faktor for livskvalitet og generell helse. Personar med alvorlege og langvarige psykiske lidingar er internasjonalt funne å ha dårlegare tannhelse og lågare bruk av tannhelsetenester enn befolkninga elles.

Prosjektet har tre hovudmål:

  1. å undersøka tannhelse og sjølvopplevd tannhelse samt bruk av tannhelsetenester hos personar med langvarige psykiske lidingar som har bistand frå psykisk helseteneste i Stord kommune
  2. å framskaffa kunnskap om korleis tannhelsetenesta best kan legga til rette for personar med langvarige psykiske lidingar
  3. å utforska korleis tannhelsetenesta best kan samarbeida med kommunen og eventuelt andre instansar til beste for målgruppa.

Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar

  • Psykologspesialist/PhD., Tk Vestland, Jofrid Bjørkvik (Prosjektleiar)
  • Klinikksjef ved Stord tannklinikk, Diana Henriquez
  • Psykiatrisk sjukepleiar i Stord kommune, Elisabeth Strømme
  • Mental Helse ved Geir Isdal
  • Professor Jorma Virtanen, IKO, Universitetet i Bergen
  • Psykolog/PhD, TkVestland, Margrethe Vika
  • Overtannlege, TkVestland, Mihaela Marthinussen
  • Professor i psykologi ved UiB, Geir Høstmark Nielsen  
  • Knut Helge Midtbø Jensen, Tk Vestland

Eksterne organisasjonar

  • Stord tannklinikk
  • Stord kommune, avd. for psykisk helse
  • Universitetet i Bergen
  • Mental helse

Publikasjonar

Bjørkvik, J. Tannlegen og pasienten: En oppfølgingsstudie av pasienter som har gjennomført behandling av tannbehandlingsangst. Nor Tannlegeforen Tid 2016, 116: 350-5. http://www.tannlegetidende.no/i/2016/5/d2e448

Bjørkvik, J. & Henriquez, D. (2017) Tannhelse og psykisk liding. Tannverk i tillegg? Tidsskrift for Norsk psykologforening, 54,5, 450-453.

Sekundærpublikasjon: Bjørkvik, J. & Henriquez, D. (2018) Tannhelse og psykisk liding. Tannverk i tillegg? Norsk Tannlegeforenings Tidende, 128, 260-262

Bjørkvik, Jofrid; Quintero, Diana H; Vika, Margrethe E; Nielsen, Geir H; Virtanen, Jorma I. Barriers and facilitators for dental care among patients with severe or long-term mental illness. Scandinavian Journal of Caring Sciences. 2021. DOI: 10.1111/scs.12960