Føreslår å frede Stranges Stiftelse i Bergen

Vestland fylkeskommune sender no forslaget om å frede Stranges Stiftelse, Klostergaten 28 i Bergen på høyring. Fristen for å kome med merknadar er 28. april.

foto av Stranges Stiftelse i Klostergaten i Bergen
FØRESLÅTT FREDA: Stranges Stiftelse ligg i Klostergaten 28 på Nordnes i Bergen og blir no føreslått freda av Vestland fylkeskommune. Fylkeskommunen meiner dette er eit både arkitektonisk og kulturhistorisk viktig kulturminne.

Fredingsforslaget omfattar hovudbygningen med uthusfløyen og gardsplassen. Det omfattar eksteriøret og interiøret i bygget og inkluderer hovudelement som planløysing, materialbruk og overflatebehandling, i tillegg til detaljar som blant anna vindauge og dører.

Stranges Stiftelse er ein tidlegare sosialinstitusjon for eldre kvinner. Bygget ligg midt i eit tettbygd eldre bymiljø på Nordnes i Bergen sentrum, med fasade mot Klostergaten og med nabohus tett inntil på dei andre sidene. Huset som står der i dag, vart bygt i 1751 og var då det fjerde i rekka på same tomta.

350 år med sosialhistorie

– Stranges Stiftelse representerer meir enn 350 år sosialhistorie. Bygget er kulturhistorisk og arkitektonisk verdifullt som eit svært godt bevart døme på ein tidleg sosial institusjon. Stiftinga er ein karakteristisk representant for fattighusa for «verdige trengande», eit viktig ledd i sosialomsorgen i byane i tidleg moderne tid. Samtidig er det nært knytt til ei samfunnsgruppe som har etterlate seg få markante kulturminne, nemleg kvinner frå dei lågare sosiale laga, seier Per Morten Ekerhovd, som er fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering.

Når høyringsfristen er ute, sender fylkeskommunen saka til Bergen kommune for behandling i bystyret. Deretter skal fylkeskommunen utarbeide eit endeleg fredingsforslag til Riksantikvaren, som avgjer om eigedomen skal fredast eller ikkje.

Arkitektonisk og kulturhistorisk viktig

Det er Fortidsminneforeininga som eig og forvaltar Stranges Stiftelse i dag. Bygget blir brukt til forsamlings- og selskapslokale, kontorlokale og kulturarrangement.

Målet med fredinga er å bevare Stranges Stiftelse som eit arkitektonisk og kulturhistorisk viktig døme på ein sosial institusjonsbygning frå 1700-talet. Fredinga av eksteriøret skal sikre arkitekturen – både hovudstrukturen i det arkitektoniske uttrykket og detaljar som til dømes fasadeløysing, materialbruk og overflater. Vestland fylkeskommune føreslår også at fast inventar skal bevarast som ein integrert del av interiøret.