Søk om støtte til FoU-møte for å avklare forskingsbehov i næringslivet (FORREGION Vestland)

Eit FoU-møte tek utgangspunkt i ei konkret problemstilling som interesserer fleire bedrifter. I møtet samlar vi fleire bedrifter til diskusjon. Målet er å avklare kunnskapsstatus, behovet for ny kunnskap og å drøfte korleis bedriftene ved hjelp av forsking kan finne nye gode løysingar til den aktuelle problemstillinga.

Kven kan søkje?

Næringshagar, inkubatorar, klynger eller kapasitetsløft i Vestland fylke. Kontakt ein kompetansemeklar for nærare avklaring

Kva kan du søkje om?

Det er mogeleg å søke 50 000 kroner i støtte til kvart møte. Midlane kan nyttast til førebuing, gjennomføring og etterarbeid i samband med møtet. 

Korleis kan du søkje?

Søknad om støtte til FoU-møte skal skje i samarbeid med ein kompetansemeklar i FORREGION Vestland. Kompetansemekling er ein gratis rådgjevingsteneste.

Støtteordninga heiter FORREGION Vestland. Marker i søknadsskjema at det gjeld «FoU-møte». Søknaden vert sendt til Vetland fylkeskommune gjennom regionalforvalgning.

Nye brukarar må registrere seg på nettstaden regionalforvaltning.no. Du må registrer deg som organisasjon (ikkje privat søkjar).