Prosjektet Right

EU-prosjektet «Right Skills for the Right Future» (2018-2021) er eit avslutta Interreg VB Nordsjøprogram-prosjekt som fekk 17 millionar kroner til å løyse utfordringar i framtidas arbeidsmarknad, i næringar knytt til hav og energi.

Mål med prosjektet

Målet var å oppretthalde konkurransekrafta i næringslivet ved å utvikle kompetanse for framtidas arbeidsmarknad. Prosjektet skulle løfte fram bransjar innan dei blå næringane og energi-næringane der behovet for å tilføre kompetanse er stort, og finne måtar å løyse kompetansebehovet på.

Modell for kompetanseutvikling


Right-prosjektet utvikla ei verktøyskasse for kompetanseutvikling som har målsetting om å sikre langvarig kompetansebehov. Behov for grønare løysingar, rein energi, miljø- og ressursvern byr på moglegheiter, men krev òg nye næringar og omstilling i tenking, åtferd, og ikkje minst, kompetanse. Prosjektet var eit viktig bidrag i å følgje opp regional plan for kompetanse og arbeidskraft, som blei vedtatt av fylkestinget i oktober 2017.

Vestland fylkeskommune leia prosjektet med 14 partnarorganisasjonar frå 7 land i Nordsjøområdet: Noreg, Danmark, Sverige, Storbritannia, Tyskland, Nederland og Belgia. Prosjektmidlane vart fordelt til prosjekt hos partnarorganisasjonane i dei ulike landa. I partnarskapet var det representantar frå både offentleg og privat sektor – mellom anna regionale myndigheiter, klyngeorganisasjonar og universitet.

Partnarskapet i Vestland fylke


Right-prosjektet var konkret og praktisk orientert og arbeidde for å skape ein berekraftig region som kan takle konjunkturane i arbeids- og næringsliv. Det innebar å prøve ut tiltak for å sikre ein fleksibel og framtidsretta arbeidsstyrke i Vestland, og å finne gode metodar for partnarskapsarbeid og medverknad. Fagskolen i Vestland var sentral i dette arbeidet, og i tillegg deltok NCE Seafood, Alver kommune og GCE Ocean Technologies. Av dei 17 millionane kroner i EU-midlar var det satt av rundt tre millionar til bruk i Vestland fylke.

Les meir om prosjektet på engelsk på nettsida til RIGHT-prosjektet

Engelsk artikkel om Right prosjektet: "Navigating the future of skills and industries"

 

«Right Skills for the Right Future» (2018-2021) was an Interreg North Sea Region co-funded project which aimed to enhance regional innovation support capacity to increase long-term innovation levels and support smart specialisation strategies. To achieve this, RIGHT concentratesd its efforts on developing the skills of the workforce relevant for SMEs in the participating regions within the energy and blue sectors.

The project's total budget was € 3.366.047, where 50% is funded by the project partners, 39% by the European Union, and 11% by the Norwegian government.

Read more about the RIGHT-project