Tvang ved tannbehandling av barn

Prosjekt

Bruken av tvang er på dagsorden i ei rekke helsetenester, men det er lite tilgjengeleg litteratur om utbreiing og mogelege konsekvensar av bruk av tvang ved barnetannbehandling. Prosjektperiode: 2019-2022

Studien består av tre deler:

  • Ei kvalitativ, utforskande studie hos tannlegar i den offentlege tannhelsetenesta. Fokusgruppeintervjua omhandla tannlegane sitt perspektiv på bruk av tvang ved tannbehandling av barn.
  • Ei elektronisk spørjeundersøking om erfaringar pasientar har med behandlinga dei har fått i tannhelsetenesta.
  • Ei samanliknande studie kor journalar for 17 år gamle pasientar som rapporterer erfaring med tvang under tannbehandling og 17 år gamle pasientar som ikkje har opplevd tvang vert samanlikna.

Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar

  • Prosjektleiar: Pedodontist/PhD Maren Lillehaug Agdal, TkVestland
  • Prosjektmedarbeidarar:
    Tannlege/PhD kandidat Regina Skavhellen Aarvik, TkVestland og Universitetet i Oslo Førsteamanuensis Edel Jannecke Svendsen, Universitetet i Oslo

Eksterne organisasjonar

Studien er eit samarbeid mellom Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland og Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo.

Publikasjonar

Restraint in paediatric dentistry: a qualitative study to explore perspectives among public, non-specialist dentists in Norway. Regina Skavhellen Aarvik, Maren Lillehaug Agdal, Edel Jannecke Svendsen

Held still or pressured to receive dental treatment: self-reported histories of children and adolescents treated by non-specialist dentists in Hordaland,Norway. Regina Skavhellen Aarvik, Edel Jannecke Svendsen, Maren Lillehaug Agdal.

Patient-self-reported history of restraint among 17-year-olds: a retrospective study of records by non-specialist dentists in the public dental service in Hordaland, Norway. Regina Skavhellen Aarvik, Edel Jannecke Svendsen, Maren Lillehaug Agdal.