Cruisestrategi for Vestlandet

Cruisestrategi for Vestlandsregionen 2016-2020 blei utarbeida av vestlandsfylka etter ynskje frå reiselivsnæringa. Strategien inngår som ein del av Reiselivsstrategi for Vestlandet 2013-2020, men blei utarbeida som eit eige dokument sidan eit eige forstudium og forprosjekt var nødvendig for å kartleggje utfordringane og moglegheitene som skil cruiseturisme frå landbasert turisme.

Over 70% av alle cruiseanløp til Norge kjem til Fjord Norge-regionen, og veksten vi har sett dei siste åra er venta å fortsetje.  Som for alle former for reiseliv, er det ynskjeleg at vi har ei bevisst tilnærming til klima og miljø. Cruisestrategien blei utarbeida i samarbeid med reiselivsnæringa. Arbeidet med ein forstudie starta i Hordaland i 2015, og det blei raskt bestemt at det var nødvendig med eit felles prosjekt for alle vestlandsfylka.  Vestlandsrådet finansierte arbeidet, som blei gjennomført med Amland Reiselivsutvikling som prosessleiar. Ein handlingsplan er også utarbeida og i tråd med denne blei ein cruisekonferanse arrangert i Bergen i oktober 2019.