Reliabiliteten av kjeveortopedien sine variablar (bitt/vekst- variablane) i norsk kvalitetsregister for leppe-kjeve-ganespalte

Barn som er født f.o.m. 2011 og behandla ved dei to behandlingsteama for leppe-kjeve-ganespalte i Noreg har sidan 2011 vore inviterte til å delta i Norsk kvalitetsregister for leppe-kjeve-ganespalte (LKG-registeret). Registeret er etablert på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Formålet med prosjektet er å undersøke reliabilitet for dei valde kjeveortopediske variablar i det Norsk kvalitetsregister for leppe-kjeve-ganespalte, og kven som eignar seg som kvalitetsindikatorar for bitt og vekst.

Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar

  • Prosjektleiar:
    Dr.med. Åse Sivertsen (Daglig leder LKG-registeret)
  • Prosjektmedarbeidarar:
    • Kjeveortoped og Phd kandidat Paul K. Sæle, Tk Vestland
    • Kjeveortoped Tone Klepsland, TkVestland
    • Phd kjeveortoped Ragnar Bjering, Oslo Universitetssykehus
    • Kjeveortoped Pål Skaare, Oslo Universitetssykehus
    • Dagrunn S Daltveit (statistiker)
    • Cand. med. phd.-kandidat Christer Kubon, Haukeland universitetssykehus