Søk om utsetting av innlandsfisk

Fylkeskommunen har ansvaret for forvaltning av haustbare, ikkje trua bestandar av innlandsfisk i fylket. Utsetting av fisk er forbode, og krev løyve frå fylkeskommunen.

Krav til søknaden

Fylkeskommunen kan gje løyve til å sette ut innlandsfisk til kultiveringsføremål  dersom arten finst i vassdraget frå før. 

Søknaden må innehalde følgjande opplysningar:

  • Kontaktopplysningar til søkar
  • Kart over lokaliteten/ane
  • Kor fisken skal hentast frå og setjast ut. 
  • Art og stamme som skal settast ut 
  • Tal fisk som skal settast ut og stadium  (egg/ årsyngel/ fleirårig yngel/ vaksen fisk)
  • Kor tid fisken skal setjast ut (månad,  over eit år / fleire år)
  • Skildring av naturmangfaldet i vassdraget, gyte- og oppvekstforhold i lokaliteten, om det er fisk i lokaliteten i dag og om det er sett ut fisk tidlegare