Tilskot til kulturminne på verdsarvlista – Bryggen

Dette er ei tilskotsordning for sikring og istandsetjing av verdsarvstaden Bryggen i Bergen. Målet er å ruste opp Bryggen til eit nivå som er i samsvar med den høge statusen til kulturminnet, slik at ein kan halde fram skjøtselen med vanleg vedlikehald.

Kven kan få tilskot?

Fylkeskommunar, kommunar, museum, organisasjonar, bedrifter og privatpersonar kan søke tilskot frå ordninga.

Kva tiltak kan få tilskot?

Tiltak som bidreg til å nå målet med tilskotsordninga kan få tilskot.

  • Prosjekt og tiltak som er knytte til områda i Noreg som er innskrive på verdsarvlista til Unesco, med tilhøyrande buffersoner, kan få tilskot.
  • I særlege tilfelle kan prosjekt og tiltak i område som er oppført på Noreg si tentative liste få tilskot.

Vi legg vekt på dette ved tildeling:

  1. mål og prioriteringar i forvaltningsplanen for verdsarvområdet med tilhøyrande handlingsplan
  2. kapasitet, kompetanse og anna finansiering til å gjennomføre tiltaket
  3. tiltak og prosjekt som bidreg til å bevare dei framståande universelle verdiane definerte i innskrivingsdokumentet gjennom istandsetting og berekraftig bruk
  4. tiltak og prosjekt som styrkar forvaltinga av verdsarven
  5. tiltak og prosjekt som stimulerer lokalt engasjement og eigarskap
  6. tiltak og prosjekt som bidreg til å formidle verdsarvverdiane og kunnskap om verdsarv generelt
  7. tiltak og prosjekt som fremjar kompetanse om handverksteknikkar, istandsetting, skjøtsel og tradisjonell bruk
  8. tiltak og prosjekt som bidreg til berekraftig reiseliv og næringsverksemd som styrkar verdsarvverdiane
  9. tiltak og prosjekt som bidreg til forsking og ny kunnskap om verdsarven
  10. tiltak og prosjekt som bidreg til risikohandtering, slik som brannsikring og beredskap for å sikre verdsarven mot uønska klima-, natur- og miljøpåverkingar

I særlege tilfelle kan Riksantikvaren og regionalforvaltninga ha egne satsingar med forankring i nasjonale strategiar for verdsarven.

Korleis søkjer du?

Du søkjer gjennom søknadssystemet Digisak.

Søknadsfrist

1. november

  • Retningsliner for tilskot til verdsarven – Bryggen. Tilskotsordninga har særskilte retningsliner, som skal reviderast hausten 2020. Dei reviderte retningslinene vert sendt eigarane på Bryggen når dei er formelt vedtekne, i midten av oktober.
  • Det finst òg eigne retningslinjer for dokumentasjon og rapportering i istandsettingstiltak på Bryggen. Desse vert også sendt ut saman med brev om utlysing av tilskotsmidlar.
  • Det er laga søknadsskjema i Excel, som skal nyttast for søknader som gjeld istandsetting og mellombels sikring. Krav til informasjon og dokumentasjon i søknadene går fram av søknadsskjemaet.
  • Søknaden må fyllast ut, lagrast og sendast inn som Excel-fil. Det skal sendast inn ei separat Excel-fil for kvart einskilt delprosjekt (eit istandsettingstiltak i Prosjekt Bryggen blir omtala som eit delprosjekt, det same blir andre tiltak).
  • Søknaden må innehalde budsjett, opplysningar om eigendel og eventuelle andre finansieringskjelder, og ei beskriving av tiltaket.
  • Det skal vere ein eigendel på minimum 10 prosent av kostnadene, dette gjeld òg naudsynt justering av sprinklaranlegget i samband med istandsettinga. Kostnader knytt til fundamentering blir dekt med inntil 100 prosent.
  • Søknadsskjema og brev om utlysing av tilskotsmidlar vert sendt eigarane på Bryggen i god tid før søknadsfristen. Her vert det gitt nærare opplysningar om krav til søknaden og rettleiing til søknadsskjemaet.

Tilskot frå statsbudsjettet kap. 1429 post 79 Tilskot til verdsarven.