Innsyn i pasientjournalen din

Som pasient har du rett til innsyn i eigen pasientjournal, og kan be om å få journalutskrift.

Kven kan be om innsyn?

Pasient eller verje/føresette kan be om innsyn i journal.

Føresette til barn under 16 år har med nokre unntak, rett til innsyn i barnet sin journal, og til å få journalutskrift.

Over 16 år

Føresette har som hovudregel ikkje rett på innsyn/kopi av journal for barn over 16 år.

Pårørande

Pårørande som ønsker utskrift må legge fram fullmakt frå pasienten sjølv, eventuelt hjelpeverje, og vise legitimasjon. 

Næraste pårørande har rett til innsyn i journal etter ein pasient sin død, om ikkje særlege grunnar talar mot dette.

Slik får du innsyn i journalen din

Digitalt skjema for innsyn i din journal finn du her.

Du kan også ta kontakt med tannklinikken for å få innsyn i din journal. 

Vi gjer merksam på at det ikkje er sikkert at din tannjournal er bevart, då klinikkane tidlegare hadde lov til å makulere journalar som ikkje lenger var i bruk.