Bedriftsinterne opplæringsmidlar (BIO) til ekstraordinære opplæringstiltak

Midlane skal nyttast til opplæringstiltak som skal gjere bedriftene betre rusta til å gjennomføre omstillingsprosessar i tråd med Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling sine mål om eit innovativt og grønt næringsliv.

Det sett av 5 625 700,- kroner til ordninga. 

Retningslinjer for BIO-ordninga 2024

Det må ligge eit konkret omstillingsprosjekt til grunn for søknaden, og støtta skal nyttast til å styrke kompetansen blant dei tilsette, slik at bedrifta blir i stand til å iverksette og gjennomføre denne omstillinga. 

Dette vil gjelde bedrifter som ønskjer å omstille produksjonen eller produkta i ei grønare retning og bedrifter som inngår i dei nye grøne verdikjedene som treng å setje i verk tiltak for å ta ein posisjon i dei framveksande marknadene.

Hovudmålet i regional plan for berekraftig verdiskaping er at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. Føremålet med grøn omstilling er å redusere klimautsleppa, bevare naturressursar og biodiversitet, og bidra til ei meir rettferdig og berekraftig framtid for alle.

Sirkulær økonomi blir sett på som avgjerande for at vi skal skape ein region som er i tråd med FN sine berekraftsmål.

Grøn omstilling kan inkludere ei rekkje tiltak, som energieffektivisering, bruk av fornybare energikjelder, reduksjon av avfall og utslepp frå produksjonen, innføring og utvikling av grøn teknologi og infrastruktur, og fremme av berekraftig produksjon og forbruk.

Vi tilbyr potensielle søkarar ein samtale i forkant av søknadsprosessen for å drøfte bakgrunn og behov, vidare avklare om det er att midlar å søke på. 

Hovudkrav til søknad 

  • At opplæringstiltaka skal fremme grøn omstilling. 
  • At behovet for kompetanseheving i bedrifta er godt grunngjeve.  
  • At gjennomføring av opplæringstiltaket har ein tidsplan på under 26 veker. Unnatak må grunngjevast særskild. 
  • At opplæringstiltaket er eit ekstraordinært tiltak – det vil seie opplæring i samband med innføring av noko nytt i verksemda, eller ei  «eingongsinvestering» i overføring av kompetanse mellom tilsette. 
  • Opplæringstiltaket kan ikkje starte opp før søkar får eventuell tilsegn, det betyr at kostnadsføring ikkje kan skje utanfor godkjent prosjektperioden (frå startdato til sluttdato) på 26 veker.  
  • At tiltaket bidreg til FN sine berekraftsmål 
  • At tiltaket bidreg til Berekraftig verdiskaping – Regional plan for innovasjon og næringsutvikling med handlingsprogram 2022-2025 

Avgrensingar 

  • For bedrifter som har mottatt BIO-støtte tidlegare, må ny søknad ha nytt fagleg innhald og  vere retta mot ny omstilling. 
  • Bedrifta må vere min. 2 år gammal. 
  • Søkar treng ikkje å vere lokalisert i Vestland, men må kunne dokumentere at tilskotet går til opplæring av tilsette som har arbeidsstad i Vestland. 
  • Bedrifter kan ikkje delta i fleire BIO-finansierte prosjekt samstundes. 

Satsar og utbetaling 

  • Maksimal støtte er 250 000 kroner og maksimalt 40 000 kroner per deltakar i  opplæringa. 
  • Det er krav om eigenfinansiering på 30% av totalkostnadane for små bedrifter, 40% for mellomstore bedrifter og 50% for store bedrifter. 
  • Delutbetaling, avgrensa inntil 75% av tilskotet, kan vurderast ved særskilde behov. Til vanleg blir tilskotet utbetalt etter at opplæringa er ferdig og rapport er godkjent. 

Vurdering og avgjerd 

  • Søknadsfristen er løpande. Søknadar vert handsama så lenge det er midlar att i ordninga.  Siste frist for innsending av søknadar i 2024 er 1.oktober. 
  • I vurdering av søknadar legg vi vekt på at søknad svarar ut krava i utlysinga. Det blir  vektlagt kor godt søkar grunngjev behovet for opplæringstiltaket. Det kan løyvast midlar til opplæringstiltak innan digitalisering dersom dette inngår som ein del av arbeidet med å omstille bedrifta i ei grønare retning.
  • Avdelingsdirektør for næring, plan og innovasjon tek endeleg avgjerd. 

Tidlegare tildelingar 

Her finn de oversikt over tildelte midlar i BIO ordninga fram til og med 2023:

 

 

  • Bedrifter kan søke om tilskot til opplæringstiltak for sine tilsette. Vi ser det som ein styrke om fleire bedrifter går saman om søknader og undervisningsopplegg, men ei bedrift må stå som ansvarleg søkar. Tilbydarar av kursing/undervisning kan ikkje søke på vegne av bedrifter viss dei tek betaling for oppdraget.
  • Ikkje-kommersielle aktørar/medlemsorganisasjonar kan stå som søkar på vegne av fleire bedrifter. I søknaden må det stå kva for bedrifter som skal delta.
  • Søkar treng ikkje å vere lokalisert i Vestland, men må kunne dokumentere at tilskotet går til opplæring av tilsette som har arbeidsstad i Vestland.
  • Kurshaldar/kursavgift 
  • Lønskostnader i planlegging og gjennomføring av opplæringa
  • Innkjøp av kursmateriell og avskriving på utstyr knytt til opplæringa
  • Reisekostnader dersom det ikkje er lokale tilbod 

BIO-midlane er ikkje lenger gitt som bagatellmessig støtte, men som eit tilskot under EØS-regelverket for førehandsgodkjente tilskot (gruppeunntak/GBER).

Prosjektrapportering

Så snart som mulig etter prosjektavslutning (etter sluttdato) og senest innen 14 dager, skal tilskuddsmottaker be om sluttutbetaling og fylle ut slutt- og kostnadsrapport gjennom www.regionalforvaltning.no.

Rapport i www.regionalforvaltning.no og signert sluttregnskap gir formelt grunnlag for utbetaling. Sluttrekneskapet skal handsamast av prosjektleiing  og godkjennast av prosjekteigar med digital signering.

Når de skal avslutte prosjektet er det fleire ting de skal gjere:

  1. Fylle ut slutt- og kostnadsrapport gjennom www.regionalforvaltning.no.
  2. Fylle ut regnskapsrapportskjema. lenke til skjema: https://skjema.vlfk.no/naeringsutvikling/tilskot/innovasjon_naringsutvikling.

  3. Revisjonspliktige foretak skal sende inn prosjektrekneskap som er stadfesta av revisor for tilskot over 200 000 kr. For ikkje revisjonspliktige foretak skal autorisert regneskapsfører stadfeste rekneskap for tilskot over 200 000 kr.  

  4. Generelt informasjon til tilskotmottakar finn du her : Informasjon til tilskotsmottakar - Vestland fylkeskommune

Revisorrettleiing for prosjekteigar som mottar tilskot over kr. 200 000 frå Vestland fylkeskommune

«Godkjent budsjett» for kostnader og finansiering står i kontakten (tilsegnsbrevet), eller i eventuelle seinare godkjente endringar i budsjettet.

Oppdraget skal utførast i samsvar med ISRS 4400 "Avtalte kontrollhandlingar" og skal resultere i «rapport om faktiske funn» til Vestland fylkeskommune. Dei avtalte handlingane skal utførast for å bistå Vestland fylkeskommune i vurderinga av riktigheita av dokumentasjonen overfor Vestland fylkeskommune og skal innehalde følgjande kontrollhandlingar:

  1. Det skal kontrollerast om prosjektrekneskapen gjenspeiler utgifter som er bokførte i prosjektansvarleg sitt ordinære rekneskap for den aktuelle rapporteringsperioden. Berre faktiske utgifter, det vil seie regnskapsførte utgifter hos prosjektansvarleg i prosjektperioden kan belastast prosjektet. I attesten må revisor bekrefte totale faktiske utgifter/kostnader frå prosjektrekneskapen som prosjekteigr har levert.
  2. Det skal kontrollerast at tilskotssandel ikkje overstig den prosentdelen angitt i den signerte kontrakten for prosjektet, og at den totale støtta for prosjektet er i samsvar med kontrakten

  3. Det skal kontrollerast at prosjektets påførte personalkostnader/lønnskostnader er dokumenterte i underliggande timelister med spesifikasjon av oppgåvene som er utførte på prosjektet. Det skal kontrollerast at timesatsen som er nytta kan grunngjevast i underliggande indirekte kostnader i samsvar med gjeldande regelverk for innovasjon prosjekt.

Timelister skal ligge ved faktura frå prosjektpartnarane til prosjektansvarleg. Egenfinansiert innsats av prosjektpartnarane skal komme fram som fråtrekk på fakturaen, med timetal og nytta timepris.

  1. På stikkprøvebasis skal det utførast kontroll av dei bokførte kostnadene mot underliggande dokumentasjon med tanke på i kva grad kostnadene er aktuelle for prosjektet og at kostnadene er registrerte med riktig beløp.

Attest utan rapportering om «funn» av alle kontrollhandlingar er ikkje godkjente.

Attest utan bekreftelse på totale utgifter/faktiske kostnader er ikke godkjent heller.

Revisor attest skal sendast som eit vedlegg til sluttrekneskapsskjema eller via www.regionalforvaltning.no

  • Grøn omstilling: Grøn omstilling betyr at produksjon, tenester og næringsaktivitet skal utviklast i ei retning som er meir berekraftig for miljø og klima, og i tråd med FN sine berekraftsmål.
  • Sirkulær økonomi: Sirkulær økonomi er eit system som bygger på prinsipp frå sirkulære kretsløp i naturen. Det har som utgangspunkt at alle ressursar har ein bruk, og at det dermed ikkje vil skape avfall. Produkt er designa for å kunne gjenbrukast.
  • Ekstraordinær opplæring = Opplæring i samband med innføring av noko nytt i verksemda, eller ei “eingongsinvestering” i overføring av kompetanse mellom tilsette. Grunnleggjande opplæring eller opplæring i verktøy som ikkje er spesifikke for bedrifta eller bransjen (som til dømes bruk av video/fildelingsverktøy) er ikkje rekna som ekstraordinær opplæring. Unnatak kan gjerast dersom opplæringa er spesialtilpassa oppgåver/fagområde som er krevjande å digitalisere. Eigenstudium er berre aktuelt dersom andre former for opplæring ikkje er mogleg.  
  • Bedrifter: Ei eining, uavhengig av juridiske form, som utøver ei økonomisk verksemd. Bedrifta skal vere i konkurransesituasjon og ikkje ta imot offentleg driftsstøtte. Bedrifter kan søkje saman dersom kompetansetiltaket er felles. Ein av dei samarbeidande bedriftene må stå som ansvarleg søkjar på vegne av fellesskapet. På grunn av reglane om samla stønad til bedrifter, vil søknader frå same konsern (mor/dotter) bli vurdert samla når det gjeld tildeling av stønad. Stiftingar kan søkje dersom dei er næringsdrivande. Stiftingar med lågare del eigengenerert inntekter (kommersielle inntekter, ikkje offentlege tilskot eller private gåver) enn 2/3, blir ikkje sett på som å drive «næringsverksemd» i stiftingsloven si tyding og kan ikkje søkje.
  • Små bedrifter = Mindre enn 50 årsverk og omsetning som ikkje overstig EUR 10 mill. eller ein balanse som ikkje overstig EUR 10 mill. (bedrifta kan overstige éin av verdiane for omsetnad eller balanse, men ikkje begge).
  • Mellomstore bedrifter = Mindre enn 250 årsverk og ein årleg omsetnad som ikkje overstig EUR 50 mill. eller ein balanse som ikkje overstig EUR 43 mill. (bedrifta kan overstige éin av verdiane for omsetnad eller balanse, men ikkje begge).
  • Kostnadsplan = Eit budsjett der du fyller inn aktuelle utgifter til opplæringa. Til dømes; lønsutgifter og avgift til ekstern kurshaldar. Dette summerer seg til opplæringstiltakets totalkostnad, og alle kostnader i kostnadsplanen skal dokumenterast i etterkant.
  • Finansieringsplan = Ein plan der du legg inn summen du søkjer om, og summen du skal dekke sjølv (eigendelen). Finansieringsplanen skal summere seg til totalkostnaden.
  • Eigendel/eigenfinansiering = Den delen av totalbudsjettet for tiltaket som søkjar skal dekke. Eigendelen må ikkje vere i likvide midlar, men kan vere lønskostnader.
  • Lønskostnader = Alle timar for personalkostnader som inngår i prosjektrekneskapet, skal vere rapportert inn og dokumentert i den attesterte reknseskapen til revisor/rekneskapsførar  og i eigenerklæringa til bedrifta  i www.regionalforvaltning.no. Godkjent fast timesats er inntil 1,2 promille av reell årsløn, men avgrensa til kr 700 pr time. For innehavar sin arbeidsinnsats i enkeltpersonføretak og deltakarane sitt utførte arbeid i ANS og DA er maksimalsats på 350 kr/t godkjent.

Kan eg starte opplæringa før eg har fått svar på søknaden?

Nei, det er eit krav om at opplæringstiltaket ikkje startar opp før etter at du har fått svar på søknaden.

Kva tid får eg svar på søknaden?

Vi jobbar for å gi deg svar så raskt som vi kan, men du må rekne med at det kan ta 3-4 veker. 

Vi har gjort endringar i prosjektplan etter tilsagn, må vi ha godkjenning for endringar i prosjektet?

Ja. Alle endringar i prosjektet må meldast til kontaktperson i fylkeskommunen. Større endringar i prosjektplan, derunder endringar i budsjett eller finansieringsplan, skal etter søknad frå tilskotsmottakar godkjennast av fylkeskommunen. Søknaden må vere signert av prosjekteigar.