UKM – Ung kultur møtest

I UKM kan du som er mellom 13 og 20 år delta med alle slags kulturuttrykk, alt frå sjonglering, dans, biletkunst, skulpturar til beatboksing, song, diktopplesing, musikk – og alt innimellom. Du kan også delta som konferansier, arrangør eller fotograf og i nettredaksjonen til UKM Media. Workshops og sosiale aktivitetar er sentralt innhald i fylkesfestivalane.

All påmelding skjer på nettsida til UKM Norge, og du melder deg på i kommunen der du høyrer til. I enkelte kommunar er den nedre aldersgrensa 10 år.

UKM-festivalen 2024 (landsfestivalen) er i Bodø 21.–25. juni.

UKM 2024

UKM Vestland fylkesfestival 2024 vert arrangert som to fysiske festivalar, ein i Førdehuset i Sunnfjord og ein i den nye kultursalen på Askøy vgs., Kipo. Overnatting vert knytt til festivalarena.

Festivalen i Førde vert for deltakarar frå region Sogn og Fjordane, og festivalen på Askøy for deltakarar frå region Hordaland. Båe festivalane går av stabelen i helga 19.–21. april 2024. 

Vidaresending til fylkesfestival

Deltakarane melder seg på UKM på nettsida til UKM Norge. Deretter er det kommunane som sender deltakarar vidare til fylkesfestivalen.

Det blir ikkje kåra vinnarar i UKM, men juryar i kommunane plukkar ut deltakarar i kommunearrangementa som får delta på fylkesfestivalen. På fylkesfestivalen plukkar ein ny jury ut deltakarar som får delta på den nasjonale festivalen.

Vestland fylkeskommune har ansvar for arbeidet med UKM på regionalt nivå og for gjennomføringa av UKM-festivalen for Vestland.

 

UKM er organisert av UKM Norge på nasjonalt plan, av fylkeskommunane på regionalt nivå og av kommunane lokalt. Målet er å gje barn og unge ein arena der dei kan vise fram sine eigne kulturuttrykk.

Kulturdepartementet har formulert dette oppdraget for UKM:

«UKM skal stimulere og synliggjøre ungdommens kulturelle aktivitet – lokalt, regionalt og nasjonalt. UKM skal være et landsomfattende arrangement – åpent for all ungdom».

Det viktigaste UKM-arbeidet skjer lokalt i kommunane der 25 000 ungdommar kvart år får oppleve UKM. I kommunane vert UKM organisert på mange ulike vis. Kommunen står sentralt i gjennomføringa av festivalar og tiltak som elles er knytt opp mot UKM. I nokre kommunar vert UKM arrangert i samarbeid med frivillige organisasjonar, medan andre legg større vekt på medverknad og deltaking frå ungdom.