Drift og vedlikehald

Vestland fylkeskommune har ansvaret for drift og vedlikehald av fylkesvegnettet i Vestland. Sjølve jobben vert utført av private entreprenørar gjennom driftskontraktar.

Driftskontraktane inneheld ei skildring av oppgåvene som skal utførast i området, og dei skal utførast etter ein landsdekkande standard. Fylkeskommunen har jamlege kontrollar for å sjekke at entreprenøren følgjer denne standarden.

Driftskontraktar i Vestland


Drift

Med drift meiner vi oppgåver på vegnettet og rutinar som er nødvendige for at vegane skal fungere godt for den daglege bruken av vegen for trafikantane. Utfordringane er størst om vinteren med snørydding/brøyting og tiltak for å betre veg-grepet (friksjonen).

Eit viktig arbeid er er at fylkesvegene blir haldt i stand og asfaltert når det er naudsynt. I Vestland har vi omlag 5.500 kilometer med fylkesveg i svært ulik fatning, form og fasong. Det er eit stort behov for asfaltering på fylkesvegnettet i dag, og det er mange meiningar og innspel på kvar for veger fylkeskommune bør legge asfalt. 

Ut i frå tildelte midlar frå budsjettene våre, så kartlegg vi forlaupande behovet, og vi må gjere prioriteringar over heile fylket. Når vi gjer vurderingar, så er det gjort ut i frå fleire ulike kriterie. Difor er det ikkje alltid slik at dei vegane som ser dårlegst ut blir prioritert først.  

Asfaltering og private avkøyrsler

  • Er avkøyrslene gruslagt frå fylkesvegen, blir det lagt asfalt ein meter inn i avkøyrselen.
  • Er avkøyrsel asfaltert frå fylkesvegen, blir det frest ein kant som blir tilpassa ein ny asfalt på hovedvegen.

Les meir om reglar for asfaltering for avkøyrsler frå fylkesveger.

Vedlikehald

Vedlikehald er tiltak, innsats og aktivitetar som tek vare på den fysiske infrastrukturen i eit lengre perspektiv. Aktuelle tiltak kan vere å oppretthalde standarden på vegdekke, grøfter og vegutstyr i tråd med fastsatte kvalitetskrav.

Tidlegare har driftskontraktene innehalde både riks- og fylkesveg. Frå årsskiftet 2020 overtok fylkeskommunen ansvaret for fylkesvegane, og felleskontraktene med Statens vegvesen skal fasast ut i løpet av dei neste åra.

Dei to første driftskontraktene i Vestland vart lyst ut hausten 2020; Bergen Os Austevoll og Sunnfjord sør.

I den nordlege delen av Vestland vil dei nye driftskontraktene for fylkesveg famne om eit større geografisk område enn då dei var felles for riks- og fylkesveg.

Beredskap

Vi har også eit beredskapsansvar med vaktordning, der vi vurderer og set i gang tiltak som å stenge vegar, eller å rydde og opne vegar som er stengde grunna uvêr, skred eller flaum.

Mariann Kråkenes Jørgensen

Leiar drift sør

Rune Sverre Sande

Leiar drift nord