Tannskadar og kjeveortopedisk behandling. Eit kvalitetssikringsprosjekt

Prosjekt

Tannskadar er vanleg og har ein tendens til å skje i ung alder. Tannskadar kan variere i alvorsgrad frå mindre skadar til meir kompliserte skadar med omfattande tap av tenner og støttevev. Dette kan føre til interferens med normal okklusjon. Pulpa sine reaksjonar på traumatiske skadar varierer frå langsam pulpaobliterasjon til direkte pulpanekrose. Andre følgetilstandar av tannskadar er forskjellige typar rotresorpsjon som kan føre til tap av tenner. Det finst studiar som relaterer komplikasjonar av tannskadar og kjeveortopedisk tannforflytning.

Betydninga av tilvisningsrutinar til kjeveortoped frå den offentlege tannhelsetenesta er avgjerande for prognosen. At kjeveortopedar får informasjon om tannskadar og behandling er viktig å vite før kjeveortopedisk behandling vert iverksett. I følge litteraturen er det ved enkelte kjeveortopediske prosedyrar større risiko for å utvikle komplikasjonar i skada tenner samanlikna med tenner utan slik skade.

Dette prosjektet har følgande mål:
Å gi retrospektiv informasjon om tilvisningsrutiner til kjeveortoped blant offentlege tannlegar for pasientar som har opplevd tannskade, samt å vurdere desse rutinane i ein kjeveortopedisk populasjon.

Å vurdere førekomst av komplikasjonar (apikal rotresorpsjon, grad av pulpaobliterasjon og mogleg pulpanekrose) etter kjeveortopedisk behandling av tenner med tannskade samanlikna med tenner utan tannskade i samsvar til protokollar som vert brukte ved Tannhelsetenesta Kompetansesenter Vestland.

Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar

  • Forskar Dorina Sula Thelen, TkVestland
  • Prof Asgeir Bårdsen Universitetet i Bergen
  • Nicole Aria TkVestland

Eksterne organisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar

Universitetet i Bergen, Institutt for klinisk odontologi