Oppfølgingstenesta (OT)

Oppfølgingstenesta (OT) arbeider for at ungdom skal få tilbod om opplæring, arbeid eller anna sysselsetting. Vi gir derfor utdannings- og yrkesrettleiing.

OT er ein del av Rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.

Vi kan hjelpe deg dersom du er mellom 16 og 21 år og i inneverande skuleår i tillegg har:

  • takka nei til offentleg skuletilbod
  • tar ut eit venteår eller eit friår
  • ikkje søkt/fått skule- eller læreplass 
  • avbrote vidaregåande opplæring

Gjeld noko av dette for deg vil vi gjerne at du tar kontakt med oss gjennom rettleiingstenesta.