Tilskot til mobile bibliotektilbod (2021)

Fylkeskommunen lyser ut midlar til mobile bibliotektilbod. Tilskotsordninga skal støtte investering i mobile einingar, for å gi innbyggjarar med lang veg til næraste bibliotek tilbod om kunnskap, litteratur og kulturopplevingar.

Til grunn for ordninga ligg behovet for å utvikle folkebiblioteka som relevante kulturarenaer, læringsarenaer og møteplassar, jf. §1 i folkebiblioteklova. Undersøkingar viser at avstand, for liten tid og mangelfullt offentleg transporttilbod er årsak til at ein ikkje nyttar folkebiblioteket. I kommunar med spreidd busetnad, kan eit mobilt bibliotektilbod vere svar på slike utfordringar. I tettbygde strok kan eit slikt tilbod gi auka tilgang og merksemd til bibliotektenesta i kommunen. Eit mobilt bibliotek er svært fleksibelt og kan endre driftsform og -område i tråd med endringar i busetnad og behov for ulike formidlingstilbod. Mobile bibliotektenester kan vere eit godt supplement til stasjonære folkebibliotek og skulebibliotek.

Den største brukargruppa av mobile bibliotek er barn og unge. Nyare forsking viser at barn treng tilgang til fysiske tekstar for å bli gode lesarar, og dei minste skulane har ofte ikkje eit godt nok tilbod av ny og aktuell barne- og ungdomslitteratur. Eit mobilt bibliotek med ei god og oppdatert samling kan dekke behovet til mange skular. Heimebuande eldre og eldre på institusjonar kan ha nytte av ulike mobile tilbod.

Det er god erfaring i fylket med mobile bibliotek, t.d. bokbussane i Alver og i Kvinnherad. Tilbodet er eit viktig supplement til skulebiblioteka, dei har med seg kompetanse på formidling og stimulerer leseglede, noko som fører til høgt utlån. Mobile tilbod er også ein lærings- og kulturarena. Det blir arrangert forfattarmøte, ulike kunst- og kulturopplevingar og program med eit pedagogisk føremål. 

Ordninga gjeld kommunar i Vestland fylke, åleine eller i samarbeid med andre kommunar. Biblioteksjef søkjer på vegne av kommunen. Ved interkommunalt samarbeid, må éin kommune vere ansvarleg søkjar.

Maksimal søknadssum er kr. 500 000.

  • Investering i bibliotekbuss
  • Investering i anna mobil eining eller utstyr som støttar føremålet til ordninga

1. juni 2021

Kommunalt vedtak med budsjett for anskaffinga

Ein føresetnad for løyving er at tilbodet vert drifta i minimum fem år. Heile eller deler av løyvinga kan krevjast attende dersom dette ikkje vert innfridd.

Prosjekt som innfrir vilkåra for tildeling, men som ikkje vert prioriterte ved ei tildeling, kan søkje på nytt ved ny utlysing.

Ei heilskapsvurdering av tiltakets kvalitetar, gjennomføringspotensiale og budsjettering ligg til grunn for eventuelt tilskot eller avslag. Søknadane vert vurderte og prioriterte ut frå følgjande kriterium:

  • tiltaket har eit tydeleg føremål, og er planlagt ut frå definerte lokale behov
  • tiltaket fører til eit utvida bibliotektilbod og betre tenester for
  • korleis tilbodet skal nyttast for å nå ulike målgrupper
  • omsyn til miljø og
  • universell utforming

Søknaden skal innehalde tilstrekkeleg informasjon / dokumentasjon om prosjektet eller tiltaket for å verte tilrådd støtte. 

Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema.

Forvaltningslova skal leggjast til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune og alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege.   

Avdeling for Kultur, idrett og inkludering førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og integrering. Innstilling vert grunngitt i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektøren si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrev. Tilskotet må brukast i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning.  

Tilsegn om tilskot gjeld i inntil tre år frå svar om vedtaket er sendt til søkjaren. Tilsegna fell bort, og midlane vert inndregne dersom

  • tiltaket ikkje er sett i gang innan tre år etter svar er sendt ut
  • søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med dokumentert framdrift og likviditetsbehov innan tre år etter svar er sendt ut

Vesentlege avvik frå prosjektsøknaden kan føre til tilsegn vert gjort om heilt eller delvis.     

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført. 

Tilskotsmottakar kan bli bedt om å dele erfaringar frå prosjektet med andre bibliotektilsette i fylket på bibliotekdagar, møte og liknande.

Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.