Folkehelsebarometer Vestland 2024

(Trykk på pila for å utvide.)

Folkehelsestatistikk i interaktive kart

Folkehelseinstituttet (FHI) publiserte folkehelseprofilar for kommunar og bydelar 12. mars, og for fylka 19. mars 2024:

Folkehelseprofilane kan du sjå på nettsida til FHI.

Eldres helse er temaet for folkehelseprofilen 2024, og indikatorane som blir presentert i profilen tek utgangspunkt i dette temaet.  

 

Vestland fylkeskommune har laga ei samla oversikt (i PowerBI) over resultata i folkehelseprofilen til alle dei 43 kommunane i Vestland fylke, for bydelane i Bergen, og for fylka i landet:

Folkehelsebarometeret er eit nyttig verktøy for raskt å få overblikk over folkehelsesituasjonen i kommunane og fylket. I karta viser vi om bydelane, kommunane og fylka skil seg signifikant frå landssnittet, og du kan sjå tala bak og utvikling for kvar bydel, kommune og for Vestland fylke med få tastetrykk.

Landsnivået representerer ikkje alltid eit ønska nivå. Ver difor merksam på at «grøne» verdiar òg kan innebere viktige folkehelseutfordringar for kommunane og fylka. For meir detaljerte analysar bør ein lese dei enkelte folkehelseprofilane og supplere med anna informasjon og kunnskap om lokale forhold.

Folkehelseprofilane for dei enkelte kommunane kan lastast ned frå nettsida til folkehelseinstituttet.

Alle indikatorane med utfyllande informasjon finns i statistikkbanken til FHI.