Fylkesvåpenet

Fylkesvåpenet for Vestland er eit gjenkjenneleg motiv av fjordlandskap i blått og sølv.

Bilde av to ungdommer holder opp fylkesvåpen mellom seg
Å VESTLAND, VESTLAND: Slik ser fylkesvåpenet for Vestland fylkeskommune ut. Det symboliserer fjord og fjell. Foto: Morten Vanvik.


Vi la frå starten opp til ein open og inkluderande prosess for utforming av det nye fylkesvåpenet. Vi ville skape engasjement, medverknad og kjensle av identitet blant innbyggjarane i heile det nye fylket.

Vi fekk inn over 600 forslag til motiv. Motivet som gjekk mest igjen handla om fjord og fjell. Folkefavoritten hadde eit kart som motiv, men dette var eit forslag som fagkomiteen vurderte som ikkje eigna.

Det blei òg arrangert ein designkonkurranse der ulike designbyrå utarbeidde motiv på grunnlag av forslag frå fagkomiteen i prosjektet.

På bakgrunn av desse forslaga tilrådde fagkomiteen eit motiv med natur og landskap. Dette blei utgangspunktet for det i dag er blitt Vestland sitt fylkesvåpen.

Heraldiske prinsipp i moderne tid

Alle våpen skal etter den heraldiske tradisjonen bruke éin farge, eitt motiv og eitt metall. Men denne tradisjonen vil ikkje fungere i dagens moderne digitale medium.

I vår tid vil fargar i våpen ofte vere baklyste, til dømes på dataskjerm, mobil eller skuleskilt. Då kan det vere tenleg med sterkare kontrastar enn den heraldiske tradisjonen legg opp til.