Tannskadar

Ved alle typar tannskadar bør du ta kontakt med tannklinikken så raskt som det let seg gjere. Les meir om kva du bør gjere ved ulike typar tannskadar.

  • Ro ned og trøyst barnet.
  • Fjern eventuelle lause tannbitar frå munnen.
  • Ikkje sett på plass att mjølketenner i munnen. Det kan gje skade på dei permanente tennene som kjem under. 
  • Ta kontakt med tannklinikken for oppfølging. 
  • Hugs å få tannskaden registrert hos NAV og/eller forsikringsselskap. Dersom skaden skjer i barnehage, på skulen eller på skulevegen skal barnehage eller skule sende skademelding til NAV. Ved skade på fritida melder du (eigen forsikring) eller ev. idrettslag om skade til forsikringsselskap.  
  • Om det er eit barn som er skada, så ro ned og trøyst barnet. Fjern eventuelle lause tannbitar frå munnen.
  • Finn tanna og unngå å ta på rota. Ta den opp etter krona (den kvite delen).
  • Er tanna skitten, så skyl den forsiktig med mjølk eller saltvatn i nokre sekundar utan å ta på rota. Har du ikkje mjølk eller saltvatn tilgjengeleg, kan du bruke ditt eige spytt til å reingjere tanna. 
  • Sett tanna tilbake på plass etter så kort tid som mogleg. 
  • Om det ikkje er mogleg å sette tanna på plass, kan du legge tanna i munnen mellom kinn og tenner slik at den blir beskytta av spyttet. Legg den eventuelt i ein behaldar og dekk den med mjølk eller spytt, så den ikkje tørkar ut. 
  • Ta kontakt med tannklinikken
  • Ta kontakt med lege for å vurdere behov for stivkrampevaksine. Dette er spesielt viktig om tanna har vore på bakken og i kontakt med jord. 
  • Hugs å få skaden registrert hos NAV eller forsikringsselskap. Skule, barnehage, idrettslag eller du sjølv (eigen forsikring) sender skademeldinga.
  • Unngå kald og varm mat og drikke. 
  • Ta vare på større tannbitar og ta med til tannlege. Oppbevar bitane i mjølk, saltvatn eller ditt eige spytt for at dei ikkje skal tørke ut. 
  • Ta kontakt med tannklinikken
  • Ta kontakt med lege for vurdering av stivkrampesprøyte om utslått tann eller såret har vore i kontakt med jord. 
  • Om det er vanskeleg å bite saman etter at du har slått deg, så ta kontakt med tannklinikken eller lege for å undersøke om det kan vere kjevebrot.  
  • Sørg for at skademelding blir sendt til NAV. Det er viktig at skadar blir registrert. Det kan oppstå seinskadar i framtida, og dersom skaden tidlegare er registrert kan du ha rett på å få dekka delar av behandlinga. 
  • Skule, barnehage, arbeidsgjevar, idrettslag eller du sjølv (ved privat forsikring) sender skademeldinga alt etter kvar og kortid skaden skjedde.  
  • Ta alltid kontakt med ditt forsikringsselskap om du har skadeforsikring. Tannlegen vil få tilsendt skadeskjema for utfylling. 
  • Tannlegen diagnostiserer og gir nødvendig akuttbehandling. Det er ofte bruk for ny time til behandling og kontroll. 
  • Ei skadd tann skal som regel kontrollerast ein eller fleire gonger. Skadde tenner kan endre farge, bli betente, lause eller vonde. Følg med på om det kjem ein kul i tannkjøtet ut for rota på tanna. For små barn kan det vera vanskeleg å gje uttrykk for smerter. Viss barnet har vanskar med å ete kan smerte vera grunnen. Ta i så fall kontakt med din tannklinikk. 

Ved behov for akutthjelp utanfor opningstida til tannklinikkane kan du kontakte tannlegevakta: 

Om det ikkje er tannlegevakt i nærleiken av deg, eller det er utanfor opningstidene til tannlegevakta, så må du kontakte lokale tannlegar på privat telefon. Enkelte legevakter kan også i mange tilfelle hjelpe med å vidareformidle informasjon om tannlege.