Sensur

Når er eksamensresultatet klart?

  • Munnleg og munnleg-praktisk eksamen: Du får opplyst kva karakter du har fått når eksamen er ferdig. Du skal kvittere for at du har motteke karakter og munnleg grunngjeving.
  • Skriftleg eksamen: Om våren er karakterane frå skriftleg eksamen klare i siste del av juni, om hausten i starten av januar.

Eksamensresultatet for skriftleg eksamen hausten 2023 er no publisert i privatistportalen.

Klage på eksamensresultatet

Les om korleis du kan klage på eksamensresultatet.

Dokumentasjon

Registrerte karakterar på Vigo 

Du kan sjekke dei registrerte karakterane dine på Vigo sine sider. Her vil du finne informasjon om den videregåande opplæringa di som er registrert i VIGO-systemet:

Karakterar i Vigo

Merk! Det tar litt tid etter at du har mottatt resultatet frå privatisteksamen i siste termin, til karakterane blir registrert i Vigo. 

Når treng du ikkje å bestille kompetansebevis?

Du treng ikkje å bestille kompetansebevis frå privatisteksamen om du har fått vitnemål frå ein offentleg skule tidlegare.

Viss du har fått vitnemål tidlegare, må du ta kontakt med skulen som skreiv ut vitnemålet. Skulen vil kunne oppdatere vitnemålet ditt med nye fag eller forbetring av fag/påbyggsfag.

Når treng du å bestille kompetansebevis?

Viss du har vitnemål frå ein friskule eller skular i Trøndelag, og har tatt privatisteksamen i Vestland, treng du kompetansebevis.