Kart og karttenester

Vestland fylkeskommune nyttar geografiske informasjonssystem (GIS) til forvaltning av data, tenestetilbod og analysearbeid.

GIS vert nytta til å handtere stadfesta informasjon for våre saksbehandlarar og innsyn til våre kartløysingar for publikum. Med verktøyet kan vi analysere, illustrere, presentere og synleggjere geografiske relasjonar og trendar i ei kartløysing.

Fylkesatlas

Fylkesatlas er ei webløysing for å gje tilgang til topografiske kart, satellittbilete/ortofoto og ei rekke tematiske romlege data frå ulike kjelder. Kartløysinga er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland.

Føremål

Føremålet til Fylkesatlas er å gi ein samla tilgang til ulike tema i Vestland fylke for saksbehandlarar hjå Statsforvaltaren, fylkeskommunen, kommunane og innbyggjarar.

Rettar og bruk

Rett til bruk av eksterne kartdata i Fylkesatlas er erverva gjennom Noreg digitalt. All ikkje-kommersiell bruk av tenestene i kartportalen er gratis, men det må visast til Fylkesatlas og Noreg digitalt. Vi tek atterhald om feil i kart og feil eller manglar i datasett. Karta er ikkje rettsleg bindande, og bruk av tenesta kan ikkje erstatte vanleg saksgang.

Kartkatalogen til Geonorge
Bruk Geonorges kartkatalog til å søke etter, sjå på og laste ned norske offentlege kartdata.

Nettsida SePlan
SePlan inneheld kopi av data frå kommunane sine digitale planregistre.

Fotoportalen Norgeibilder
Kartverket driftar portalen som syner ortofoto over heile Norge. Det er også moglegheit til å sjå på flyfoto frå ulike år.

DOK - det offentlege kartgrunnlaget
Det offentlege kartgrunnlaget (DOK) er offentlege geografiske data som er tilrettelagt for kommunane sitt plan- og byggesaksarbeid.

Nettsida til Kartverket
Kartverket har ansvar for den geografiske infrastrukturen og offentleg eigedomsinformasjon, og er tinglysingsmakt for heile landet.