Finn kontaktperson i din kommune

Treng du hjelp til å kome i gang med ein bedriftsidé eller eit prosjekt? Kontakt ein av rettleiarane i din kommune på www.driftig.no.

Vestland fylkeskommune arbeider med å etablere eit nytt heilskapleg entreprenørskapssystem for nye Vestland fylke som gjev lik tilgang til støtte og rettleiing uansett kvar i fylket ein bur.

Entreprenørskapssystem skal vere eit system for dei som ønskjer å etablere bedrift eller vidareutvikle verksemda si, og for dei som driv med rettleiing, opplæring, inkubasjon og økonomiske subsidiar. Det er ønskjeleg at dei eksisterande aktørane innan entreprenørskapsstøtte skal integrerast i ei slik teneste. I påvente av at det nye tilbodet kjem opp og går, vil ein nytte driftig.no som nettstad, informasjonskanal og kontaktpunkt for dei som ønskjer å starte eller vidareutvikle bedrift i Vestland fylke. 

Etablerarsenteret, som er eit spleiselag med fleire kommunar, vil òg vidareføre tilbodet sitt i 2022 med etablerarkurs, rettleiing og nettverkssamlingar.

https://www.driftig.no/om-driftigno