For deg som jobbar i skule og barnehage

Slik kan mobbeombodet hjelpe deg som jobbar i barnehage eller skule.

Kva kan mobbeombodet hjelpe deg med?

Mobbeombodet er tilgjengeleg for alle som ønskjer hjelp eller rettleiing i ei sak som handlar om skule- eller barnehagemiljø.

Mobbeombodet er først og fremst tilgjengeleg for barn, unge og føresette, men lærarar, skuleleiarar, styrarar, barnehagelærarar, skulehelseteneste og andre som arbeider med barn og unge er også velkomne til å drøfte saker (anonymt) med mobbeombodet.

Mobbeombodet kan mellom anna:

  • svare på spørsmål om psykososialt miljø og mobbing
  • svare på spørsmål om barn og unge sine rettar knytt til barnehage- og skulemiljø
  • vere ein sparringspartnar og nokon «å tenkje høgt med»
  • gi råd og rettleiing i saker
  • i nokre saker stille i møte
  • gi informasjon om lov og regelverk, verktøy og tips til handtering
  • om vi har kapasitet kan vi vil stille med innlegg og workshop på planleggingsdagar og foreldremøte

Når den tilsette ved skulen får mistanke eller kunnskap om at ein elev ikkje har det trygt og godt, blir aktivitetsplikta til skulen utløyst. Dette vil sei at skulen må følgje ekstra godt med, må gripe inn der dei kan og dei må varsle rektor/skuleeigar.

Skulen må vurdere kva for strakstiltak dei må setje inn på same tid som undersøking blir sett i verk.

Det er viktig å undersøke kva som gjer at ein elev ikkje har det trygt og godt. Undersøkinga skal bidra til at skulen finn og set i verk treffsikre tiltak.

Alt som blir gjort i saka skal dokumenterast av skulen. Meir informasjon om aktivitetsplikta finn du kapittel 9A i opplæringslova og hos UDIR.

Sjå særleg kompetansepakkene om trygge og gode miljø på SFO og skule.

Om du som tilsett har spørsmål til eller ønskjer å drøfte skule- eller barnehagemiljø med oss, ta kontakt.

Barnehagen skal ikkje godta krenking som til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Alle som arbeider i barnehagen skal gripe inn når eit barn i barnehagen blir utsett for dette.

Om ein tilsett får mistanke eller kunnskap om at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø skal den tilsette melde frå til styrar. Barnehagen må vurdere om og kva for strakstiltak dei må setje inn på same tid som undersøking blir sett i verk.

Det er viktig å undersøke kva som gjer at eit barn ikkje har det trygt og godt. Undersøkinga skal bidra til at barnehagen finn og set i verk treffsikre tiltak.

Du finn meir informasjon om aktivitetsplikta i kapittel VIII i barnehagelova og hos UDIR. Sjå særleg kompetansepakken om barnehagemiljø.

Om du som tilsett har spørsmål til eller ønskjer å drøfte skule- eller barnehagemiljø med meg, ta kontakt.

Eg har ein kollega som eg meiner krenker barn. Kva kan eg gjere?

Dersom du som jobbar i barnehage eller skule har mistanke om at ein kollega krenker eit barn, skal du kontakte styrar eller rektor. Dersom det er leiinga i skulen eller barnahagen som krenker barn, skal du kontakte skuleeigar eller barnehageeigar. (Lenke til bhl. § 43 og oppll. § 9 A-5)  Du kan også drøfte saka med oss i mobbeombodet.