Utviklingsstipend for e-sportutøvarar

Stipendet skal medverke til at unge og lovande e-sportutøvarar får høve til å vidareutvikle seg og motivere til vidare satsing.

Utviklingsstipendet er på 40 000 kr og vart delt ut for første gong i 2021. Søknadsfristen er 15. september.

Stipendet går til ein utøvar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan e-sport. Ein person kan berre få stipendet ein gong.

Kven kan søkje?

Utøvar sjølv, trenar eller klubb kan sende inn søknad på vegne av utøvar. Søkjaren må vere mellom 16 og 25 år og representere ein klubb eller eit organisert e-sportmiljø i Vestland fylke. Hugs å legge inn gamer-tag.

Utøvarar som har sponsoravtalar fell utanfor stipendordninga.

Kriterium ved tildeling

Vi legg vekt på desse kriteria i tildelinga - svar utfyllande i søknadsskjema.

  • prestasjonar
  • potensial
  • planar for vidare satsing

Vestland fylkeskommune får fagleg bistand av Vestlandet E-sport med vurdering av søknadane.

Rapportering

Den som får stipendet skal innan eit år gje ein kort, skriftleg rapport om korleis stipendet har vore nytta.

Sakshandsaming og vedtak

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. Forvaltningslova (Fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. Fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter Fvl. Avdeling for Kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.