Fylkesmusikarane

Både distriktsmusikarordninga og fylkesmusikarordninga representerer ein verdfull ressurs og spisskompetanse for musikklivet i fylket. Dei bidreg til blant anna Den kulturelle skulesekken, det frivillige musikklivet, folkeakademiet, institusjonskonsertar, Den kulturelle spaserstokken, kulturskulen, spelemannslag, kor og orkester.

Bestill ein fylkesmusikar

Fylkesmusikarane kan bestillast til ulike oppdrag og konsertar, t.d. opningar, høgtider, jubileum eller musikaroppdrag i samarbeid med kor, korps, spelemannslag og orkester. Musikarane kan også kontaktast om kurs, instruksjon og seminar. Dei arbeider også med arkiv, dokumentasjon, innspelingar og nye prosjekt. Kontaktpersonar i fylkeskommunen kan gje nærmare informasjon om vilkår og prisar.

Fylkesmusikarane i Vestland

  • Reidun Horvei, folkesong
  • Vidar Underseth, hardingfele, fele, dans

Ordninga vart etablert i Sogn og Fjordane (1989) og Hordaland (1992) som folkemusikkstillingar med instruksjon, utøving, undervisning og arkiv som arbeidsfelt.

Fylkesmusikarordninga har hatt mykje å seie for folkemusikken i fylket, og det har vore gjennomført ei rekkje turnear, konsertproduksjonar og samarbeidsprosjekt. Ein del av fylkesmusikarordninga er no omorganisert til distriktsmusikarstillingar, og fylkesmusikarordninga består i dag av to folkemusikarar fordelt på 1,5 stillingar.